Hasundgot IL skal ha minst éin FIKS-ansvarleg, i tillegg til Sunnmøre Fotballkrets sin klubbadministrator.
Denne rolla skal til ei kvar tid kjenne til systemet og syte for at FIKS-oppgåver i klubben vert løyst.
Oppgåver for FIKS-ansvarleg
- Sørgje for at personar med klubbverv har «rette» tilgangar i FIKS.
- Halde klubb- og lagroller oppdatert i FIKS.
- Sørge for at trenarar og lagleiarar for ungdoms- og seniorlag er lagt inn som klubbrukar
- Sørge for at minst éin brukar har tilgang som klubbadministrator.
- Halde ved like medlemslista i FIKS
- Gi brukaropplæring til personar som ikkje er kjend med systemet
Rapportering og oppfølging
Styret oppnemner FIKS-ansvarleg. Rolla rapporterer til styret. Per tid ligg rolla til sportsleg leiar. Ved eventuell endring av FIKS-ansvarleg skal dette meldast til Sunnmøre Fotballkrets.
Lenke til FIKS: https://fiks.fotball.no/
Krav til kompetanse og erfaring
Ingen formelle krav til kompetanse. Det er ønskeleg at rolla deltek på oppsette brukarkurs i FIKS.