6. desember 2021

FIKS-ansvarleg

Hasundgot IL skal ha minst éin FIKS-ansvarleg, i tillegg til Sunnmøre Fotballkrets sin klubbadministrator.

Denne rolla skal til ei kvar tid kjenne til systemet og syte for at FIKS-oppgåver i klubben vert løyst.

Oppgåver for FIKS-ansvarleg

  • Sørgje for at personar med klubbverv har «rette» tilgangar i FIKS.
  • Halde klubb- og lagroller oppdatert i FIKS.
  • Sørge for at trenarar og lagleiarar for ungdoms- og seniorlag er lagt inn som klubbrukar
  • Sørge for at minst éin brukar har tilgang som klubbadministrator.
  • Halde ved like medlemslista i FIKS
  • Gi brukaropplæring til personar som ikkje er kjend med systemet

Rapportering og oppfølging

Styret oppnemner FIKS-ansvarleg. Rolla rapporterer til styret. Per tid ligg rolla til sportsleg leiar. Ved eventuell endring av FIKS-ansvarleg skal dette meldast til Sunnmøre Fotballkrets.

Lenke til FIKS: https://fiks.fotball.no/

Krav til kompetanse og erfaring

Ingen formelle krav til kompetanse. Det er ønskeleg at rolla deltek på oppsette brukarkurs i FIKS.