Styret i Hasundgot skal vere sjef over eiga utvikling som klubb. Klubbens Kvalitetsklubbansvarleg skal sikre at kvaliteten på dei grunnleggande elementa som ligg i konseptet “Kvalitetsklubb” vert følgd.
Kvalitetsklubbansvarleg skal følge opp og kommunisere ut konseptet til idrettslagets medlemmer, trenarar/lagleiarar og andre tillitsverv.
Oppgåver for Kvalitetsklubbansvarleg
- Ha god kjennskap om Kvalitetsklubb-konseptet og vere ein positiv pådrivar
- Vere kontaktperson mot krets/forbund ved eventuelle spørsmål knytt til Kvalitetsklubb
- Sjå til at krava til ein Kvalitetsklubb vert gjennomført i den daglege aktiviteten
- Setje Kvalitetsklubb på agendaen i styret slik at retningsliner i konseptet vert følgd
- Følgje opp eventuelle avvik frå kriteria i konseptet og utbetre desse
- Ansvarleg av eigenmelding i etterkant av (re)sertifisering som Kvalitetsklub
Rapportering og oppfølging
Styret oppnemner Kvalitetsklubbansvarleg. Rolla rapporterer direkte til styret og held sportsleg utval orientert. Per tid er Kvalitetsklubbansvarleg lagt til sportsleg leiar.
Kompetanse
- Kvalitetsklubbansvarleg bør ha gjennomført minimum NFF Fotballeder 1
- Kvalitetsklubbansvarleg bør vere strukturert, tydeleg og løysingsorientert
- Ha god kjennskap til idrettslagets kultur og verdiar