6. desember 2021

Økonomistyring

Hasundgot IL sine rutiner og retningsliner er er forankra i klubbhandboka. I denne handboka finn du mellom anna vedlegget Oppgjersskjema.

Økonomiske prinsipp

Hasundgot sin overordna økonomistrategi er at drift og investeringar skal vere sjølvfinansiert gjennom eigenandel og tiltak som gir inntekt. Hovudinntekta til idrettslaget er medlems- og treningskontingent, sponsorinntekter, klubbhusutleige og dugnadsinntekter.

Andre inntektskjelder er t.d. kiosksal i samband med kampar, turneringar og klubbkveldar.

Budsjett

Hasundgot IL lagar budsjett for komande år. Dette arbeidet begynner så tidleg som mogleg og innan november. Dette bør vere ferdig innan utgangen av januar.

Kvar enkelt gruppeleiar utarbeidar budsjett for si gruppe, som styret godkjenner og legg fram for årsmøtet.

Det skal budsjetterast på kontonivå, altså på eit mest mogleg detaljert nivå og tilsvarande som i rekneskapen. Budsjettet skal alltid vere basert på forsiktigheitsprinsippet: at ein berre tek med sikre inntekter og tek høgde for alle kjente utgifter.

Rekneskap

Alle idrettslag er regnskaps- og revisjonspliktige. Regnskapet skal følgje kontantprinsippet, som betyr at inntekter og kostnadar skal bli ført i den regnskapsperioden der posten har oppstått.

Ved større summar kan det verte gjort avsetning/periodisering slik at bokføring skjer på «rett år».

Hasundgot IL leiger inn ekstern rekneskapsførar og idrettslaget hentar sjølve ut rekneskapsrapportar etter behov. Rekneskapsåret følgjer kalenderåret.

Løn

Rekneskapsførar utfører sentrale lønns- og godtgjersleoppgåver for idrettslaget. Hasundgot IL sender inn lønsgrunnlag som blir “puncha” inn i lønssystemet til rekneskapsførar.

Revisor

I Hasundgot IL har vi vald revisor. Revisor skal utføre revisjonen etter beste skjønn, inkludert vurdere risikoen for at det kan vere feilinformasjon i årsrekneskapen.

Revisor skal sjå til at den har grunnlag til å vurdere om det ligg føre brot på lover og forskrifter av vesentleg betydning for årsrekneskapen.

Hasundgot IL og rekneskapsførar skal gi revisor tilgang til å gjere dei undersøkingane som revisor finn naudsynt, og gi revisor tilgang til dei opplysningar den krev for å utfører oppdraget sitt.

Økonomistyring og kontanthandtering

Det er styret, ved kasserar, si plikt å sørgje for ordentleg registrering og dokumentasjon av alle rekneskapsopplysningar. Kontantinntekter frå kiosksal, loddsal og liknande skal alltid verte tald opp av to personar.

Oppgjersskjema (sjå vedlegg 3 i klubbhandboka) skal fyllast ut og signerast av to personar før pengane vert satt levert inn i idrettslaget sin safe/innbetalast på konto.

Bruk av bankkonto

Jamfør NIFs lov § 2-11(7) skal bankkonti vere disponert av to personar i fellesskap. I Hasundgot IL er dette kasserar og sportsleg leiar, i tillegg til rekneskapsførar.

Summar over 10.000 skal godkjennast av to (kasserer og aktuell gruppeleiar). Beløp under 10.000 kan godkjennast av kjøpar.

Lagkasse

I samsvar med NIFs lovverk er det ikkje lov med private bankkonti til lagskasser. All økonomi skal bokførast i Hasundgot IL sin rekneskap, til dømes på prosjektkonto i idrettslaget.

Skulle lag ønske å inngå individuelle sponsoravtalar til lager sitt (t.d. sponse vestar, bagar, e.l.) er dette ei sak som skal leiast av styret og ikkje av enkeltpersonar på det aktuelle laget.

Berre styreleiar eller sponsoransvarleg i Hasundgot IL har myndigheit til å inngå avtalar på vegne av idrettslaget.

Rekningsbetaling

Inngåande fakturaer til Hasundgot IL skal attesterast av to personar. Kasserar er ansvarleg for å eventuelt vidaresende fakturaer til relevant person for attestering.

Reiserekning/godtgjersle ved køyring

Trenarar, lagleiarar, styremedlemmer eller andre som køyrer i samband med oppgåver knytt til Hasundgot IL kan søke om refusjon for ferje-/bomutgifter.

Kilometergodtgjersle vert ikkje praktisert. Refusjonskrav bør sendast inn til kasserer (faktura@hasundgot.no) med dokumentasjon på utgifter innan rimeleg tid og seinast innan 2 månadar etter reisa vart gjort.

Økonomisk ansvar

Jamfør NIFs basislovnorm, kan ikkje avdelingar/grupper inngå avtalar som heftar heile klubben eller representere laget eksternt utan styret si godkjenning.

Dette betyr at det berre er klubbens styre som kan gjere tilsettingar eller inngå sponsorkontraktar på vegne av idrettslaget.

Dette ansvaret kan bli delegert til ein funksjon i klubben, som t.d. sponsoransvarleg.

Innkreving

Innkreving skal alltid gjerast til Hasundgot IL sine bankkonkti, fortrinnsvis til vår hovudkonto (sjå detaljar i starten av klubbhandboka).

Unntak kan gjerast dersom klubbens økonomiansvarleg spesifikt har bedt om at innbetaling skal skje til annan konto for spesielle formål.