I Hasundgot skal det vere trygt for våre medlemmer å ta del i det sportslege tilbodet vi gir. Derfor er det eit krav om politiattest dersom ein skal har verv i klubben som omfattar eit tillitsansvar overfor mindreårige eller personar med utviklingshemming.
Politiattesten skal innhentast og visast fram til Politiattestansvarleg før personen startar i vervet sitt.
Oppgåver for politiattestansvarleg:
- Sørgje for at Hasundgot IL følgjer NIF sine retningsliner for innhenting og handtering av politiattestar.
- Informere medlemmer, trenarar, lagleiarar og andre tillitspersonar i Hasundgot IL om kravet om politiattest.
- Ajourføre alle personar i idrettslaget som har vist fram gyldig politiattest i KlubbAdmin. Attesten skal behaldast av søkjaren. Vert attest sendt per e-post, skal e-posten slettast etter den er lest og registrert.
- Gi styret oppdatert liste over kven i idrettslaget som har vist fram gyldig politiattest. Dette skal skje minst 2 gonger per kalenderår.
- Sørgje for at personar som endrar rolle i idrettslaget skal leggje fram ny politiattest.
Korleis få politiattest?
- Du kan søke om politiattest på Politiet si heimeside, eller per post til Politiets enhet for vandelskontroll og politiattester, Postboks 113, 9951 Vardø
- I søknaden må du leggje ved bekreftelse på formål, som skal fyllast ut av politiattestansvarleg.
- Når du mottek attesten skal denne visast fram til til politiattestanvarleg. Merk at søkjaren skal behalde den fysiske kopien sjølv.
Rettleiing
I frivillige organisasjonar der det er krav om politiattest, skal dette innhentast før personen startar i vervet sitt. Ein politiattest inneheld opplysningar om ein person for tida er sikta/tiltalt eller tidlegare er gitt førelegg/dømd for brot på enkelte føresegn i straffelova om seksualforbrytingar.
Klubben har ikkje høve til å be personen om å få politiattest for andre straffbare forhold.
Det vert ikkje stilt krav til ny framvising av politiattest dersom personen ikkje endrar verv/stilling. Dersom ein person endrar verv eller arbeidsoppgåver, skal det derimot innhentast ny politiattest.
Organisering og rapportering
Politiattestansvarleg vert utpeikt av styret i Hasundgot IL. Per tid ligg dette ansvaret hos sportsleg leiar.
Den som har rolla som politiattestansvarleg, rapporterer til styret.