6. desember 2021

Politiattest i Hasundgot IL

I Hasundgot skal det vere trygt for våre medlemmer å ta del i det sportslege tilbodet vi gir. Derfor er det eit krav om politiattest dersom ein skal har verv i klubben som omfattar eit tillitsansvar overfor mindreårige eller personar med utviklingshemming.

Politiattesten skal innhentast og visast fram til Politiattestansvarleg før personen startar i vervet sitt.

Oppgåver for politiattestansvarleg:

  • Sørgje for at Hasundgot IL følgjer NIF sine retningsliner for innhenting og handtering av politiattestar.
  • Informere medlemmer, trenarar, lagleiarar og andre tillitspersonar i Hasundgot IL om kravet om politiattest.
  • Ajourføre alle personar i idrettslaget som har vist fram gyldig politiattest i KlubbAdmin. Attesten skal behaldast av søkjaren. Vert attest sendt per e-post, skal e-posten slettast etter den er lest og registrert.
  • Gi styret oppdatert liste over kven i idrettslaget som har vist fram gyldig politiattest. Dette skal skje minst 2 gonger per kalenderår.
  • Sørgje for at personar som endrar rolle i idrettslaget skal leggje fram ny politiattest.

Korleis få politiattest?

Rettleiing

I frivillige organisasjonar der det er krav om politiattest, skal dette innhentast før personen startar i vervet sitt. Ein politiattest inneheld opplysningar om ein person for tida er sikta/tiltalt eller tidlegare er gitt førelegg/dømd for brot på enkelte føresegn i straffelova om seksualforbrytingar.

Klubben har ikkje høve til å be personen om å få politiattest for andre straffbare forhold.

Det vert ikkje stilt krav til ny framvising av politiattest dersom personen ikkje endrar verv/stilling. Dersom ein person endrar verv eller arbeidsoppgåver, skal det derimot innhentast ny politiattest.

Organisering og rapportering

Politiattestansvarleg vert utpeikt av styret i Hasundgot IL. Per tid ligg dette ansvaret hos sportsleg leiar.

Den som har rolla som politiattestansvarleg, rapporterer til styret.