6. desember 2021

Fair Play-ansvarleg i Hasundgot

Fair Play er sentral for norsk fotball sitt verdiarbeid. Fair play handlar om det som skjer på og utanfor banen, og skal prege aktiviteten vår.

Fotballkampar skal gå føre seg i trygge rammer, slik at alle får gode opplevingar. Fair play skal også synleggjere korleis fotballen tek vare på barn og ungdom.

Hasundgot in Fair play-ansvarleg har det overordna ansvaret for å koordinere og implementere klubbens Fair play-arbeid i den daglege aktiviteten.

Oppgåver for Fair Play-ansvarleg

  • Implementere kampvertordninga for alle lag i klubben
  • Bidra til at spelarar signerer haldningskontraktar
  • Gjennomføre tiltak/aktivitetar som fremjar Fair Play og klubben sine verdiar
  • Synleggjere Fair Play og klubben sine verdiar på anlegget og klubbhuset
  • Bidra med råd og rettleiing i eventuelle konfliktsaker og brot på Fair Play
  • Oppmode aktive medlemmer til å gjennomføre Fair Play-kurset
  • Delta på aktuelle Fair Play-samlingar i regi av Sunnmøre Fotballkrets
  • Kontaktperson mot krets/andre klubbar for spørsmål knytt til Fair Play

Rapportering og oppfølging

Rolla som Fair Play-ansvarleg er plassert i klubbens Sportslege utval,. Rolla rapporterer derfor til klubbens sportslege leiar.

Krav til kompetanse og erfaring

Fair Play-ansvarleg skal minimum ha gjennomført kurset NFF Fair Play, som er tilgjengeleg på nett.

Anna relevant kompetanse, som t.d. NFF Grasrottrenarkurs eller Barnefotballkvelden er ønskeleg.