6. desember 2021

Heimekampar på Hasundgot stadion

Det er kampen som er den store gulrota for alle spelarar. Vi ønsker at alle kampar skal gjennomførast innanfor NFFs rammar som gir gode opplevingar – både for spelarar, trenarar, føresette og dommarar.

Baneinndeling

Fotballforbundet anbefalar følgjande inndeling av baner, avhengig av speleform:

  • Trearfotball (6–7 år): 10 x 15 meter. Bruk gjerne minibane med vant
  • Femmarfotball (8-9 år): 20 x 30 meter (pressfri sone til midtstreken)
  • Sjuarfotball (10–11 år): 30 x 50 meter (pressfri sone til midt på egen banehalvdel)
  • Niarfotball (12 år): 40–50 x 58–64 meter
  • For ellevarfotbal brukast heile banen

Bruk gjerne NFFs inndelingskart for banestorleikar til å setje opp høveleg bane.

Her finn du banekalender på Hasundgot stadion.

Retningsliner for kampavvikling

Sjå NFF sin ABC for lagleiarar for god og trygg gjennomføring av kampar.

I vår sesong- og kampavviklingsplan finn du retningsliner for korleis vi skal leggje godt til rette for gode kampopplevingar.

Slik skal vi leggje godt til rette for å avvikle kampar i Hasundgot IL:

Kampverten

Kampverten skal bidra til at kampane vert gjennomført i god Fair Play-ånd. Sentrale oppgåver for kampverten:

  • Møt opp i god tid før avspark. Ha alltid på kampvertvest, som ligg i kiosken på klubbhuset
  • Ta imot besøkande lag og dommar(ar) og vis dei til aktuell garderobe
  • Tilby bortelag og dommarar bevertning (frukt, kaffi, brus, etc.) i garderoben
  • Bidra til gjennomføring av Fair Play-helsing før og/eller etter kamp
  • Setje opp bane, merk opp eventuell innbytarsone og ha dialog med lag som trenar
  • Sjå til at publikum ikkje oppheld seg ved innbytarbenkane, men på tribunen
  • Ha gjerne med foreldrevettreglar-kortet som kan finnast i kiosken
  • Meld frå om negative hendingar til Fair Play-ansvarleg

Miniturneringar

Hasundgot kan få arrangøransvar i ulike kull. Det er laga som deltek i turneringa som er ansvarleg for arrangementet. Klubben hjelper til med administrering/planlegging ved behov.

Arrangørlag er ansvarleg for å sjå til at kampoppsett, kiosk, kampvert og dommarar er på plass til turneringsstart.

Jamfør Hasundgot sin dommarrekrutteringsplan, er dette ein fin arena for interne klubbdommarar å teste ut dommarvervet.

Fair Play-møtet

God Fair Play er viktig for Hasundgot, uansett alderstrinn. Vi oppmodar derfor våre lag til å initiere Fair Play-møtet i forkant av kampen, der lagleiarar og dommarar vert kjent og vert einige om ramma rundt kampen.

Ta gjerne kontakt med klubbens Fair Play-ansvarleg for meir informasjon om klubbens Fair Play-arbeid.

Praktiske ting

Lag som driv trening på feltet skal avslutte seinast 15-20 minutt før kampstart slik at lag som skal spele kamp får naudsynt oppvarmingsareal.

Våre lag skal, så langt det er praktisk mogleg, halde open kiosk på heimekampar og når vi arrangerer (mini)turneringar.

Dommarrregning

Dommarar som er registrert i Fotballens Informasjons og KommunikasjonsSystem (FIKS) skal sende dommarregning via FIKS.

Dommarregningar som er utfylt på papirskjema skal skannast og sendast til faktura@hasundgot.no.

Sanksjonar

Eventuelle sanksjonar vert handsama i sportsleg utval og styret vert orientert. Ved eventuelle større/alvorlege sanksjonar vert saka hansama i styret.