6. desember 2021

Trygge rammer i Hasundgot IL

I Hasundgot skal vi vere bevisste på vårt verdiarbeid og samfunnsansvar. Aktiviteten i klubben skal gå føre seg innanfor trygge rammer. Vi skal jobbe med minst eitt av følgjande tema årleg:

  • Eat Move Sleep
  • Seksuelle overgrep og trakassering
  • Doping
  • Alkohol
  • Trafikksikkerheit
  • Kampfiksing og speleavhengigheit
  • Mobbing og rasisme (Fair Play)
  • Skade og forsikring

Planlegging og gjennomføring

TIDSPUNKT AKTIVITET ANSVAR
Nov/des Bestemme tema for neste år og lage handlingsplan Styret
Januar Publisere handlingsplan og tema på www.hasundgot.no Styret
Februar Ta opp årets tema på trenar/lagleiarmøte. Dele ut ev. materiell Sport
Mars/april Ta opp årets tema i spelargruppene Lagleiarar
April Eventuelle tiltak retta mot sesongstart (t.d. på kampdag om aktuelt) Lagleiarar
April-juni Arrangere temakveld, gjerne med eksterne føredragshaldarar. Sport
August Påminning på www.hasundgot og vise til fagstoff frå NFF eller andre Styret
September Vurdere eventuell ny temakveld eventuelt ei aktuell kampanje Styret
Oktober Evaluere tiltak og gjennomføring av årets tema. Styret

Dersom Hasundgot arrangerer til dømes miniturneringar, futsalturnering eller andre større tiltak, skal styret vurdere kva for konkrete tema som skal prege desse turneringane.

Eat Move Sleep

Hasundgot IL skal setje fokus på god folkehelse ved å gjere medlemmer bevisste på samanhengen mellom sunt kosthald, fysisk aktivitet og nok søvn.

Dette skal vi få til ved å:

  • Formidle viktigheita av å spise mat før og etter trening/kamp for å yte best mogleg
  • Velje sunne alternativ i kiosk som t.d. frukt, grønsaker, yoghurt, smoothie og grove bagettar
  • Ta i bruk idrettsfruktavtalen som både tilbyr sunne alternativ i kiosken og økonomisk gevinst
  • Leggje til rette for at medlemmer kan gå eller sykle til/frå trening og kamp om mogleg
  • Legge til rette for gunstige treningstider slik at barn og ungdom får den søvnen dei treng
  • Oppfordre til mindre bruk av skjermar før leggetid for å få ei best mogleg nattesøvn
  • Ha temakveldar om Eat Move Sleep til spelarar, trenarar og andre ressurspersonar i klubben

Les meir om Eat Move Sleep-konseptet på NFF si heimeside.

Seksuelle overgrep og trakassering

Dersom vi skal lykkast med å gjere fotball til ein trygg arena, er det avgjerande at klubben har eit kontinuerleg fokus på førebygging mot seksuelle overgrep og trakassering.

Dette skal vi oppnå gjennom tydelege retningsliner og tett oppfølging. Dette krev at vi som klubb har kunnskap om kva seksuell trakassering og overgrep er, korleis førebygge dette og korleis handtere ei konkret hending.

Eitt av dei viktigaste tiltaka for å sikre ei trygg ramme rundt vår aktivitet er å krevje inn politiattest for alle som har verv i idrettslaget der ein har eit ansvars- eller tillitsforhold overfor mindreårige eller personar med utviklingshemming.

Retningslinjer mot seksuelle overgrep og trakassering ligg på NFF si heimeside for ytterlegare rettleiing.

Doping

Målet med idrettens antidopingarbeid er å sikre at alle utøvarar deltek i ein dopingfri idrett. Dette krev aktiv innsats frå heile den organiserte idretten. Hasundgot IL og våre medlemmer er omfatta av idrettens antidopingregelverk.

Hasundgot IL tek fullstendig avstand frå all bruk av doping og har nulltoleranse for bruk av doping i vår aktivitet. Som ein del av vårt antidopingarbeid ønsker Hasundgot IL at alle spelarar over 13 år skal gjennomføre e-kurset «Ren utøver».

Hasundgot er per tid ikkje registrert i ordninga «reint idrettslag» hos Antidoping Norge, men dette skal verte sett på agendaen i styret i første halvdel av 2022.

Alkohol

I Hasundgot skal barn og unge oppleve at vi tilbyr eit trygt miljø utan rus og alkohol. Det betyr mellom anna at våre leiarar, tillitsvalde, klubbrepresentantar og utøvarar skal stå fram som gode førebilete for klubben.

Dette skal vi vise ved at:

  • Alle arrangement der barn og unge under 18 år er til stade skal vere rusfrie.
  • Trenarar, lagleiarar og andre vaksne skal vere rusfrie og ikkje drikke alkohol på reiser, treningssamlingar, konkurransar og arrangement der barn og unge under 18 år er til stade.
  • Aktive utøvarar skal ikkje vere påverka, eller bruke, rusmiddel av nokon form under trening, sportslege samlingar, kampar eller turneringar.
  • Bruk av illegale rusmiddel eller preparat på dopinglista til Antidoping Norge/NIF er ikkje i tråd med vår aktivitet og klubbens verdiar.

Sjå retningsliner om alkohol frå Idrettsforbundet sin klubbguide for meir informasjon.

Trafikksikkerheit

I idretten må ein ofte køyre til både trening, kamp, turnering, møter og andre samlingar. Det er derfor svært viktig at transport gjort på ein trygg og forsvarleg måte.

Det viktigaste Hasundgot IL kan gjere, er å vere bevisste på korleis vi sjølve opptrer i trafikken.

Ved reise i tilknyting til aktivitet i Hasundgot IL skal vi derfor sjå til at:

  • Vi planlegg god tid frå avreise til framkomst
  • Vi sikrar både personar og utstyr godt under heile transporten
  • Vi held fartsgrensa og tilpassar farta etter forholda
  • Sjåfør sjekkar om køyretøyet er i forskriftsmessig stand før avreise
  • Vi gir beskjed om vi kjenner oss utrygge i passasjersetet
  • Vi brukar bilbelte; også når vi køyrer buss
  • Vi som sjåfør er utkvilt og eventuelt byter på køyringa ved lengre turar
  • Vi er synlege i trafikken. Dette inkluderer fotgjengarar med refleks
  • Vi brukar hjelm som syklistar (inkludert sparkesyklar, rullebrett, rulleskøyter, osv)

Kampfiksing og speleavhengighet

Kampfiksing

Kampfiksing betyr at resultat/hendingar i ein kamp vert påverka av at ein bevisst gjer ein svakare prestasjon/uriktige avgjerder mot betaling eller andre ytingar.

Dette er fundamentalt imot fotballens Fair Play-verdiar. Kampfiksing kan omfatte både spelarar, trenarar og dommarar.

NFF har klare reglar som avgrensar spelarar, trenarar og leiarar sine moglegheiter til å gjere veddemål på kampar som ein sjølv har tilknyting til.

Dersom klubben oppdagar, eller går mistanke om, kampfiksing skal NFF kontaktast snarast råd.

Speleavhengigheit

Gjennom Grasrotandelen bidreg Norsk Tipping positivt til både lag og organisasjonar. Likevel er det også negative sider med pengespel frå dei ulike spelselskapa.

Mange aktive utøvarar er også ivrige på pengespel, og dersom spelinga går for langt kan dette gå konsekvensar for personen og miljøet hen høyrer til.

Speleavhengigheit kan skade sosiale, yrkesmessige, materielle og familiemessige forhold for den det gjeld.

Derfor er det viktig som eit førebyggande tiltak at Hasundgot IL har tydlege retningsliner for pengespel og at dette vert tatt opp på både spelarmøte og trenar/lagleiarmøte.

Dersom klubben oppdagar, eller har mistanke om, speleavhengigheit bør ein kontakte Idrettens Helsesenter som både kan gi råd til klubben og hjelp til utøvaren.

Les meir om Norsk Tippings sju spillevettreglar på heimsida deira.

Mobbing og rasisme (som inngår i Fair play)

Vi har nulltoleranse for mobbing, rasisme, trakassering og hets i Hasundgot IL. Dersom vi oppdagar eller opplever at nokon ikkje har det bra, må ein ta tak i dette. Dette gjeld både spelarar, trenarar og klubben.

Det er i kvardagen at gode verdiar vert forma; på banen, i garderoben, i kamp og på trening.

Som trenar/lagleiar/tillitsperson i Hasundgot IL må ein vere bevisst på at ein har eit ansvar for å følgje opp slike hendingar. For å førebygge mobbing, rasisme, trakassering og hets skal vi:

  • Aldri snu ryggen til og lat som ingenting. Ta tak i situasjonen med ein gong!
  • Snakke med dei involverte – både den som vert plaga og den som står for plaginga
  • Gi klar beskjed om at mobbing er uakseptabelt. Følg gjerne opp med ny samtale
  • Opprette dialog med foreldre/føresette
  • Kontakte klubbens Fair Play-ansvarleg for rettleiing og rådgjeving
  • Følgje opp mobbesituasjonar heilt til dei stoppar.

I vårt informasjonsarbeid er det viktig å vise til NFF sin varslingskanal for uønska negative hendingar som vald, truslar, hetsing, o.l.

Skade og forsikring

Skadar er dessverre ein del av idrettskvardagen. Likevel er det mykje Hasundgot som klubb kan gjere for å førebygge skadar og hjelpe spelarar på best mogleg måte når skadar først oppstår.

Nøkkelen ligg i å formidle kunnskap om, og ta i bruk, skadeførebygging frå tidleg alder. NFF sine råd for skadeførebygging og forsikringsordningar skal bli informert internt til føresette og spelarar i klubben.

Dette gjeld også NFF sitt tilbod om utvida forsikring.

I tillegg skal alle lag ha førstehjelpsskrin tilgjengeleg i både trening og kamp.

Det er klubben sitt ansvar at alle aktive er forsikra. Dette inkluderer både spelarar, trenarar, registrerte lagleiarar og dommarar. Barn 0-12 år er forsikra gjennom NIF Barneidrettsforsikring.

Ungdom etter fylte 13 år og vaksne er forsikra gjennom Hasundgot IL si lagsforsikring ved at medlems- og treningsavgift vert betalt, og ved at dei er registrert i NFF sine system (FIKS).

Sjå NFF si heimeside for meir informasjon om forsikring.