Aldersbestemte lag

I Hasundgot IL har vi ein ambisjon om å kunne tilby eit så godt tilbod som mogleg, både sportsleg og sosialt, i alle aldrar. Dette er forankra i Hasundgot sin sportsplan.

For å bidra til auka kvalitet og gode på treningsgrupper, oppmodar fotballstyret at lag dannar samarbeid mellom naturlege årskull i treningskvardagen.

I tillegg har Hasundgot inngått eit offisielt samarbeid med Haddal IL, der klubbane ønskjer å samarbeide om lag der ein ser at det vert tøft å stå åleine.

Her finn du kontaktinformasjon for laga våre dersom du ynskjer å kome i kontakt eit lag sin trenar eller lagleiar.