For trenarar

For å kunne tilby eit best mogeleg tilbod for barne og unge, er vi heilt avhengige av engasjerte foreldre og føresette som står på heile året.

Hasundgot er tufta på frivilligheit og vi er takksame overfor alle som ønskjer å gjere idrettslaget til ein samlande arena i lokalmiljøet.

For å ivareta den «raude tråden» i Hasundgot IL, oppmodar fotballstyret alle trenarar og lagleiarar til å ta i bruk vår sportsplan i alle alderstrinn.

Det er også sterk ønskeleg at alle som har trenar- eller leiarverv i Hasundgot tek formell trenarkompetanse gjennom NFF sitt Grasrottrenarkurs som Sunnmøre fotballkrets arrangerer gjennom heile kalenderåret.

Ønsker du meir informasjon om trenarkurs, er du velkomen til å ta kontakt med leiar i fotballstyret.

Nyttige lenker