Om klubben

Hasundgot IL er ein dugnadklubb og har sidan stiftinga i 1976 blitt driven av eldsjeler som har stått på dag etter dag.

Idrettslaget er sett saman av i alt fire avdelingar, som har kvart sitt ansvarsområde:

  • Fotball
  • Trim
  • Anlegg
  • Økonomi

Leiarane for kvar av desse avdelingane utgjer eit hovudstyre, saman med idrettslaget sin leiar, kasserar og sekretær.

Dagens leiar for Hasundgot IL er Bjarte Bergseth.

Fullstendig oversikt over medlemmer og styreverv kan du finne under idrettslagets organisering. Der finn du også kontaktinformasjon.

Vil du vite meir om Hasundgot IL si historie? Sjekk ut vårt historiearkiv!

Medlemmer

Idrettslaget har om lag 500 medlemmer, der om lag halvparten er aktive fotballspelarar i ulike aldersklasser.

Idrettslaget er tufta på engasjement og frivilligheit, og er derfor heilt avhengig av foreldre, eldsjeler og andre pådrivarar som legg inn eit ekstra innsats for å gjere tilbodet i idrettslaget så godt som mogeleg.

Vi er stadig interessert i å utvide vår Hasundgot-familie, så om du har lyst til å bli medlem er du hjarteleg velkomen!

Om vår klubb: