Om klubben

Idrettslaget vart stifta 17. november 1976, og har gjennom historia vore ein pådrivar for at både born, unge og vaksne skal få eit godt idrettstilbod på Dimnøya.

Det første styret var sett saman av Nils Dimmen (formann), Vigdis Garnes (kasserar), Per Ristesund (sekretær) og Leiv Sundgot (styremedlem).

Hovudstyret var elles komplettert av Elbert Ertesvåg (Banenemd), Åse Ringstad (Arrangørnemd), Arne Sundgot (Fotballgruppe) og Janlaug Dimmen (Handballgruppe).

Frå starten av bestod Hasundgot IL av to greiner: trim og handball. Fotballaget kom først inn i seriestystemet i 1979 etter å ha måtte vente to år på å få kome inn i fotballkretsen.

Aktivitet og tilbod

I dag er det fotballgruppa og trimgruppa som står igjen av aktivitetstilbod. Handballgruppa la ned aktiviteten då dei måtte trekkje laget frå serien i 1984.

I fotballgruppa har vi eit tilbod i dei aller fleste alderskulla, med nokre få unntak. I tillegg har klubben eit sportsleg samarbeid med Haddal for å samarbeide i dei årsklassene det er vanskeleg å stå åleine.

Trimgruppa arrangerer jamleg aktivietetar som til dømes fjelltuarar, familieturar, barnetrim, Old Boys, Hasundgotrypa og årleg nyttårsmarsj.

Medlemmer

Idrettslaget har om lag 500 medlemmer, litt over halvparten er aktive utøvarar og resten er anten støttemedlemer eller familiemedlemer.

Idrettslaget er tufta på engasjement og frivilligheit, og er derfor heilt avhengig av foreldre, eldsjeler og andre pådrivarar som legg inn eit ekstra innsats for å gjere tilbodet i idrettslaget så godt som mogeleg.

Vi er stadig interessert i å utvide vår Hasundgot-familie, så om du har lyst til å bli medlem er du hjarteleg velkomen!

Tidlegare sesongar

For seniorlaga forsøker vi å oppsummere sesongane år for år. Historikken tilbake i tid er litt sporadisk, så om du har kjennskap til minneverdige hendingar i Hasundgot-historia tek vi gjerne imot tips.

Send oss då gjerne ein e-post til redaksjon@hasundgot.no.

Meir om Hasundgot