Drakter og utstyr

I perioden 2018-2022 har Hasundgot IL ein avtale med den italienske utstyrsleverandøren Macron.

Alt klubbutstyr som vert nytta i samband med aktivitet i Hasundgot IL skal derfor vere levert av denne leverandøren.

Dette gjeld alt frå treningsbukser, shortsar, strømper, treningsoverdelar og anna treningstøy.

Fotballsko står ein fritt til å velje, då Macron ikkje leverer dette.

Gjennom Hasundgots samarbeid med Macron, kan ein sjølv bestille utstyr via Macrons nettbutikk.

Ein kan velje om å få dette levert i sin eiga postkasse, eller få levert bestillinga til Hasundgot stadion ved å velje «hent i butikk». Om ein vel å få bestillinga levert til Hasundgot stadion slepp ein fraktgebyr.

Frå Macronstore sin nettbutikk kan medlemmer kjøpe alt ein ønskjer, men berre produkt som er inkludert i vår klubbkolleksjon gir klubbrabatt. Alt anna utstyr vert til ordinærpris (med unntak av eventuelle kampanjar).

Fargeprofil

Hasundgot sin fargeprofil er kvit (primær) og raud (sekundær). Dette ser vi igjen på heimedrakta til alle klubbens lag der overdelen er kvit, shortsen er raud og strømpene er kvite.

Seniorlaget har dei siste åra også hatt bortedrakter der fargekombinasjonen er motsett, men frå og med sesongen 2018 vil bortedraktene vere i koksgrå og neongul.

Dette draktsettet vil bli tatt i bruk av både senior- og juniorlaget dei komande åra.