15. april 2021

Drakter og utstyr

I perioden 2018-2022 har Hasundgot IL ein avtale med utstyrsleverandøren Macron.

Klubbutstyr som vert nytta i samband med aktivitet i Hasundgot IL skal derfor vere levert av Macron.

Dette gjeld alt frå treningsbukser, shortsar, strømper, treningsoverdelar og anna treningstøy. Fotballsko står ein fritt til å velje sjølv.

Medlemmer i Hasundgot IL får medlemsrabatt ved kjøp i Macronstore sin nettbutikk.

Fargeprofil

Hasundgot sin fargeprofil er kvit (primær) og raud (sekundær). Dette ser vi igjen på heimedrakta til alle klubbens lag der overdelen er kvit, shortsen er raud og strømpene er kvite.

Seniorlaget har dei siste åra også hatt bortedrakter der fargekombinasjonen er motsett, men frå og med sesongen 2018 vil bortedraktene vere i koksgrå og neongul.

Dette draktsettet vil bli tatt i bruk av både senior- og juniorlaget dei komande åra.