15. april 2021

Forsikring ved fotballrelatert skade

Aktive utøvarar i Hasundgot IL er forsikra gjennom vår lagsforskring i Noregs Fotballforbund. 

Det er derfor viktig at aktive utøvarar har betalt medlems- og treningskontingentane sine, slik at vi har registrert deg som medlem.

Skulle det oppstå skade og uhell gjennom fotballaktivitet i Hasundgot, må du sende inn skadeskjema hos Idrettshelse.no. Dette er eit samarbeid mellom Noregs Fotballforbund og Gjensidige.

NB: Er utøvaren over 18 år er det utøvaren sjølv sitt ansvar at skadar blir meld inn til forsikringsselskapet så raskt som mogleg etter uhellet har skjedd. Er utøvaren under 18 år, skal foreldre eller føresette for utøvaren registrere skada.

Om du ønsker råd og rettleiing, kan du ta kontakt med Hasundgot IL eller lese meir på Fotballforbundet si heimeside.