Medlemskontingent
Alle medlemmer i Hasundgot IL må betale medlemskontingent. Om du ikkje er medlem, kan du enkelt melde inn deg eller barnet ditt i Min Idrett.
Ein kan vere medlem utan å vere aktiv utøvar, som t.d. støttemedlem eller familiemedlemskap.
Medlemskontingenten vert sendt ut per e-post, og kan betalast anten via nettbank eller i Min Idrett med bankkort/vipps.
Gjeldande satsar for medlemskontingent ligg på:
Gruppe | Pris |
---|---|
Barn | 300,- |
Vaksen | 300,- |
Familie | 600,- |
Treningskontingent
Aktive utøvarar i Hasundgot IL må også betale treningskontingent.
Denne avgifta skal mellom anna dekke deltaking på aktivitetar gjennom Hasundgot, forsikring, slitasje på anlegget, fellesutstyr og andre felleskostnadar.
Gjeldande satsar for treningskontingent ligg på:
Alder | Pris |
---|---|
Til og med 10 år | 700,- |
11-16 år | 900,- |
17 år og eldre | 2.000,- |
Økonomiske utfordingar
Hasundgot IL følgjer Norges Fotballforbund sine verdiar om å behalde flest mogleg lengst mogleg i fotballfamilien.
Barn i hushald eller familiar med trang økonomi skal også få like moglegheiter til å delta. Har du utfordring med å betale medlems- og treningskontingentent ønsker Hasundgot IL å hjelpe så langt som råd.
Dersom du ønsker å diskutere alternativ betalingsplan, ta kontakt med Hasundgot sin kasserar for assistanse.