Etter å ha hatt eit pauseår i 2014, var Hasundgot-damene så å seie heilt uslåelege i 2015. I løpet av 12 kampar var det berre éin kamp dei ikkje tok poeng.
I løpet av dei første 10 kampane vart det ni sigrar og eitt uavgjort, før Larsnes braut rekkja utan tap i den 11. serierunda ved å vinne 2-1 på Larsnes KGB.
Hasundgot tok derimot revansje i siste serierunde og knuste Hareid 6-0.
Den gode forma sørgja for at Hasundgot vart avdelingsvinnarar med seks poengs margin, og skulle møte Guard til KM-sluttspel over to kampar.
Dessverre vart det tap i begge kampane, men sesonger under eitt var likevel svært godkjent av damene.
Resultat
- Volda 2 – Hasundgot 3-4
- Hasundgot – Ørsta 3-3
- Larsnes – Hasundgot 2-5
- Hasundgot – Hareid 5-0
- Hasundgot – Volda 2 14-1
- Ørsta – Hasundgot 3-7
- Hasundgot – Larsnes 10-3
- Hareid – Hasundgot 1-9
- Volda 2 – Hasundgot 3-7
- Hasundgot – Ørsta 9-2
- Larsnes – Hasundgot 2-1
- Hasundgot – Hareid 6-0