Damelaget 2016-sesongen

I sesongoppkøyringa var Hasundgot-damene med på den årelange tradisjonen «Oddencup» i Ulsteinhallen.

Der gjorde Hasundgot det veldig skarpt, og to mål av Kristin Marø i finalen gjorde at Hasundgot kunne ta med seg gullpokalen heim til Hasundgot klubbhus.

Som regjerande avdelingvinnarar i 7-arserien på Søre året før, var det ein sterk tropp som stilte til dyst i utesesongen.

I avdeling 1 møtte Hasundgot laga Volda 2, Larsnes, Bergsøy, Vartdal og Hareid 5-ar.

Sesongen starta bra med to sigrar på dei to første, men så vart det tre tap på dei fire neste kampane. Det bidrog sitt til at ein ny avdelingssiger vart vanskeleg.

Etter ferdigspelt serierunde vart det til slut ein 2. plass bak avdelingsvinnar Volda 2, som tok 21 poeng i løpet av sesongen – to poeng meir enn Hasundgot.

Resultat

  • Hasundgot – Larsnes 5-2
  • Hareid – Hasundgot 2-6
  • Hasundgot – Begsøy 2-6
  • Volda 2 – Hasundgot 11-2
  • Vartdal – Hasundgot 0-6
  • Larsnes – Hasundgot 3-0
  • Hasundgot – Hareid 10-0
  • Bergsøy – Hasundgot 1-1
  • Hasundgot – Volda 2 10-2
  • Hasundgot – Vartdal 12-0