Damelaget 2019-sesongen

For første gong sidan 2016-sesongen var damelaget tilbake i seriefotballen. Dei siste åra har damene spelt i 7ar-serien, som også var tilfelle i 2019.

Laget spelte sin einaste treningskamp mot seriekollega Folkestad/Volda 2, som også endte opp med å bli seriemeistrar.

Kampen endte med eit 11-0-tap, men det var ein god test i forkant av sesongen for å få tilbake fotballkjensla.

Sjølv om laget sine prestasjonar auka gradvis utover i sesongen, gjekk det trått resultatmessig. I løpet av dei første åtte kampane vart det eitt poeng til Hasundgot-damene.

Årets første, og einaste siger, kom mot Ørsta 2 i nest siste kamp – ein siger som var svært kjærkomen for damene.

Etter ferdigspelt sesong vart det ein 6. plass, rett framom tabelljumbo Skodje som hadde dårlegare målskilnad.

Sjølv om resultata ikkje gjekk Hasundgot sin veg, var det viktig å få etablert ei god stamme i laget som klubben kunne byggje vidare på i 2020.

Spelarar inn og ut

Inn

Katrine Pilskog (Hødd), Aurora Dimmen Bratli (Hødd), Martine Svendsen Holstad (Hareid), Mari Hatløy (Haddal), Kristin Marø (Hareid), Kristin Helland (Bergsøy), Anna Haddal (Bergsøy), Marita Myrvågnes (Hareid)

Resultat

Treningskampar

Seriekampar

Sesongoppsummering 2019

I alt 19 spelarar var i aksjon for damelaget i løpet av sesongen. Av desse var det 10 spelarar som spelte meir enn to tredelar (8/13) av kampane.

Ingen av spelarane var med på alle kampane, men Mari Hatløy og Aurora Dimmen Bratli var med på 12/13 kampar i løpet av året.

Lagets toppscorar vart Kristin Helland, ny frå Bergsøy IL, med sine 11 scoringar i løpet av sesongen. Kristin Marø, ny frå Hareid, bidrog også sterkt med sine åtte mål.