Herrelaget 1979-sesongen

Etter to års ventetid kunne Hasundgot sitt herrelag endeleg sleppe til i ordinær serie i Sunnmøre fotballkrets.

Laget vart meldt opp i 7. divisjon, lågaste nivå, der Hasundgot hamna i avdeling A. Dette var avdelinga for laga på nordre Sunnmøre.

Det var ingen trenar for laget denne sesongen, men Leif Per Breivik tok eit ansvar for å styre med treningane.

Første kamp vart spelt på bortebane mot Fjørtoft, der Hasundgot fekk ein kjempestart og leia 2-0. Dessverre klarte ikkje Hasundgot å behalde leiinga kampen ut, og resultatet vart til slutt 2-2.

Etter totalt 14 spelte kampar vart det ein 6. plass for Hasundgot, av totalt åtte lag i avdelinga.

Tabell

  1. Emblem – 23p
  2. Stordal – 18p
  3. Fiskarstrand – 17p
  4. Fjørtoft – 16p
  5. Valldal – 14p
  6. Hasundgot – 11p
  7. Hildre – 10p
  8. Lauparen – 3p