
I forkant av sesongen vart Per Gustavsen og Øystein Muren engasjerte som hovudtrenarar for a-laget. Begge kom frå verv på damelagssida i Hødd.
2018-sesongen inneheldt både oppturar og nedturar, men sesongen blir nok mest hugsa for opprykket til 5.-divisjon – i tillegg til den svært frustrerande måten opprykket vart sikra på.
Før sesongen var det påmeldt 26 lag og oppretta tre avdelingar. I Hasundgots avdeling (på åtte lag), trekte det eine laget seg like før sesongstart – som gjorde at det berre vart sju lag og 12 kampar denne sesongen.
Men sesongen starta bra for Hasundgots del, og i første kamp mot Bergsøy 2 starta det med ein botnsolid 2-0-siger.
Rekkja uten tap heldt seg gåande heile til 10. serierunde, då Hødds tredjelag vann knipent 1-0 på Hasundgot stadion.
Hasundgot hadde sjølv mogelegheita til å sikre opprykket då dei tok turen til Eidsåvoll stadion i siste kamp. Dessverre endte det med 4-2-tap, og vi var avhengig av hjelp frå andre til å sikre avdelingssiger.
Den hjelpa fekk vi frå Bergsøy 2 som slo Vanylven 1-0 på Havila stadion, etter at vanylvingane scora sjølvmål langt inn i overtida.
Det betydde at det no var opp til Hødd å avgjere utfallet av sesongen.
Med éin kamp igjen å spele for Hødd, var situasjonen slik:
Pos | Lag | +/- | P |
1. | Hasundgot | 33 | 26 |
2. | Bergsøy2 | 16 | 25 |
3. | Vanylven | 28 | 23 |
4. | Hødd3 | 14 | 23 |
Med siger over Hareid kunne Hødd ta tabelltopp, men måtte vinne med 10 mål for å kunne gå forbi Hasundgot på målskilnad.
Dette fekk dei aldri sjansen til, ettersom Hareid 2 ikkje stilte til kamp og Hødd vann 3-0 på walkover.
Det skulle derfor ta tre veker frå Hasundgot sin siste kamp for sesongen, til vi kunne sleppe jubelen laus.
Sluttspel om KM-tittel
Som avdelingsvinnar skulle Hasundgot ut i duell mot dei to andre avdelingsvinnarane for å avgjere kven som vart kretsmeister.
I den første kampen spelte Vigra og Aksla uavgjort, i ein kamp som endte 1-1.
Vår første kamp vart spelt borte mot Aksla, der ålesunderane knipent vann 1-0, etter ei scoring heilt på tampen.
Det heile skulle derfor avgjerast då Hasundgot tok imot Vigra på «Gotta». Kampen fekk ei lei utvikling då ungguten Isak Sundgot braut foten, og kampen vart stoppa i over ein halvtime.
Sluttresultatet vart 3-1 til Vigra, som med det kunne ta imot trofeet som KM-meistrar i 6.-divisjon.
Statistikk
Lag i avdelinga:
Bergsøy 2, Gjerdsvika/LGFK2, Hareid 2, Hasundgot, Hødd 3, Tjørvåg, Vanylven
Treningskampar:
- Hødd 3 (H): 2-3 (treningskamp)
- GIL/LGFK (H): 3-2 (treningskamp)
- Åmdal (B): 3-4 (treningskamp)
- Vanylven (H): 3-0 (treningskamp)
- Hareid (B): 1-3 (treningskamp)
Obligatoriske kampar:
- Bergsøy2 (B): 0-2
- Tjørvåg (H): 7-1
- Hødd3 (B): 2-2
- Hareid2 (H): 12-0
- Gjerdsvika/LGFK2 (B): 6-0
- Vanylven (H): 2-1
- Bergsøy2 (H): 1-1
- Tjørvåg (B): 0-1
- Hødd3 (H): 0-1
- Hareid (B): 6-1
- Gjerdsvika/LGFK2 (H): 5-2
- Vanylven (B): 4-2
KM-sluttspel:
- Aksla (B): 1-0
- Vigra (H): 1-3
Toppscorar:
Sebastian Moldskred Kleven: 16 mål
Flest kampar:
Joakim Rødven, Simon Haddal Spjutøy og Nicolai Haddal Molvær: 19 kampar (inkl. treningskampar)