Herrelaget 2019-sesongen

Etter opprykket i 2018 var det mykje optimisme rundt klubben. Trenarane forsterka troppen kraftig ved hjelp av fleire signeringar frå Hødd-miljøet.

Sesongoppkøyringa starta med å delta i den tradisjonsrike Oddencupen, som endte med 3.plass og bronsepokal. Vidare deltok Hasundgot i OBOS-cup, som var eit nytt tiltak av fotballkretsen.

Dette var eit uoffisielt sunnmørsmeisterskap for klubbar i 4. divisjon og nedover.

I denne turneringa gjekk Hasundgot vidare frå gruppespelet, etter å ha slått Åmdal og spelt uavgjort mot både Giske og Larsnes/Gursken.

Men i mellomspelet vart det stopp. Sjølv om det vart siger mot Vanylven i den første kampen, gjekk vi ut av turneringa etter å ha tapt mot Langevåg. Vanylven gjekk vidare på målskilnad, og vanylvingane gjekk heilt til finalen – der det vart tap mot Rollon.

Seriespelet starta bra, med ein knallsterk siger mot Hovdebygda i serieopninga, før det var poengdeling mot Langevåg i første heimekamp. Begge desse laga rykka opp til 4. divisjon ved sesongslutt.

I løpet av våren vart det sanka inn mange poeng, og Hasundgot var på god veg mot å halde seg på ein trygg plass utover hausten. Men 2. halvdel av sesongen starta tøft og det vart tap i dei fire første kampane etter sommarferien.

Etter dette betra det seg; seks av dei sju siste kampane vart det poeng for Hasundgot. I comebacksesongen vart det derfor ein svært respektabel 5. plass.

Spelarar inn og ut

Inn

Jonas Overå (Hødd), Stian Pedersen (Hødd), Johannes Meinseth (Hødd), Nedim Mujic (Hødd), Håvard Fiskaa (Hødd), Daniel Hatløy (Haddal), Nicolai Vik (Hødd), Sander Ringstad (Hødd), Niklas Schmidt (Hødd), Kristoffer Flø (Gjerdsvika), James Sjåstad (Hødd), Sondre Lunde (Flø), Håvard Strand (Rollon)

Ut

Iver Saunes (Hødd), Ivar Aadland (Flø), Bjørn Inge Tenfjord (Flø), Kim Hansen (Flø), Sebastian Kleven (LGFK), Vegard Heltne (Ørsta), Daniel Muren (Hasunds Hund)

Resultat

OBOS-cup

Treningskampar

Seriekampar

Sesongoppsummering 2019

I alt 37 spelarar var i aksjon for herrelaget i løpet av sesongen. Av desse var det 11 spelarar som spelte meir enn to tredelar (20/30) av kampane.

Berre to spelarar var med på alle kampane; Joakim Rødven og Nicolai Haddal Molvær. Sisteskansen Rødven var den einaste som starta alle 30 kampane.

Molvær var lagets soleklare toppscorar, som scora 12 mål fordelt på både treningskampar, OBOS-cupkampar og seriekampar.

På ein delt andreplass bak Molvær fekk Sebastian Moldskred Kleven, Stian Pedersen og Cato Veien fem mål kvar.

For meir statistikk frå sesongen og detaljert spelarstatistikk, les eiga nettsak med oppsummering av 2019-sesongen.