6. mars 2021

Trenings- og medlemskontingent

Medlemskontingent

For å vere medlem i Hasundgot IL, må ein betale medlemskontingent i idrettslaget. Inn- og utmelding i idrettslaget gjerast i Min Idrett, som er Noregs Idrettsforbund sitt medlemsregister.

Du kan også melde deg inn i Hasundgot i vår innmeldingsportal.

Medlemskontingenten vert sendt ut per e-post, og kan betalast anten via nettbank eller via Min Idrett med bankkort/vipps.

Gjeldande satsar for medlemskontingent ligg på:

GruppePris
Barn300,-
Vaksen300,-
Familie600,-

Treningskontingent

I tillegg til medlemskontingenten, må alle aktive utøvarar betale treningskontingent.

Denne avgifta skal mellom anna dekke deltaking på aktivitetar gjennom Hasundgot, spelarforsikring, slitasje på anlegget, fellesutstyr og andre felleskostnadar.

Også denne avgifta vert sendt ut per e-post via Min Idrett og kjem på same faktura som medlemskontingenten.

Gjeldande satsar for treningskontingent ligg på:

AlderPris
Til og med 10 år700,-
11-16 år900,-
17 år og eldre2.000,-
Maks per familie (med born i alderen 6-16 år)1.600,-

Økonomiske utfordingar

Hasundgot IL følgjer Norges Fotballforbund sine verdiar om å behalde flest mogleg lengst mogleg i fotballfamilien.

Barn i hushald eller familiar med trang økonomi skal også få like moglegheiter til å delta. Har du utfordring med å betale medlems- og treningskontingentent ønsker Hasundgot IL å hjelpe så langt som råd.

Dersom du ønsker å diskutere alternativ betalingsplan, ta kontakt med klubbkasserar for råd og assistanse.