Vår historie 1976-1979

Det var stor fotballinteresse på Dimnøya på 1970-talet. Det var derimot inga eigna fotballbaner på øya, og for mange var det langt å sykle til Ulsteinvik for å spele på IL Hødd.

Det var derfor mykje fotballaktivitet gjennom venegjengar som samla seg for å sparke fotball mot kvarandre – gjerne frå fleire bygder.

Fotballspeling vart endå enklare då Hasund skule fekk ei grusbane rett nedom skulebygget, som etter kvart vart eit eigna område for trening.

Der var det også ein murvegg der ein mellom anna kunne trene på pasningar åleine.

Med rådgjeving frå lærar Gisle Holstad vart dei lokale gutane fortalde kva som skulle til for å starte opp eit fotballag i bygda, og det vart seinare arrangert eit møte på bedehuset. Og då var ballen begynt å rulle.

Oppstarten 1976

Etter eit allmøte 17. november 1976 vart idrettslaget stifta. Eit av dei viktigaste formåla med idrettslaget var å gi innbyggjarar i bygda eit aktivitetstilbod for ein rimeleg penge.

Det første styret var sett saman av Nils Dimmen (formann), Vigdis Garnes (kasserar), Per Ristesund (sekretær) og Leiv Sundgot (styremedlem).

Hovudstyret var elles komplettert av Elbert Ertesvåg (Banenemd), Åse Ringstad (Arrangørnemd), Arne Sundgot (Fotballgruppe) og Janlaug Dimmen (Handballgruppe).

Mellom anna var det ingen treningsavgift for dei yngste årsklassene i fotballgruppa frå starten av.

På grunn av at nyetablerte fotballag måtte vente to år for å kome inn i seriesystemet, måtte fotballgruppa vente til 1979 før dei kunne få spele sin første obligatoriske kamp.

Det einaste fotballaget Hasundgot hadde før den tid var derfor eit gutelag.

Men trimgruppa og handballgruppa kom i gang frå starten av, og damelag i handball var med i seriespel allereie i 1977.

Det gjekk trått i starten for handballaget, og til jul 1977 stod laget med 7 tap og ein målskilnad på 15-212.

Første fotballsesong 1979

I mars 1979 kunne ein med glede lese i Vikebladet at Hasundgot hadde meldt seg opp i 7. divisjon til våren, som ville verte idrettslagets første sesong i ordinær serie.

I debutsesongen vart Hasundgot klasserte i avdeling nordre, der laget var det einaste laget sør for Breisundet. Det betydde mange lange reiser på det ferske 7.-divisjonslaget.

Første kampen vart spelt på bortebane Fjørtoft. Dette var ei lang og tidkrevjande reise, der spelarane tok ferje klokka 09.00 frå Hareid og returnerte med ferja klokka 21.00 på kvelden.

Hasundgot kom derimot godt i gang og leia 2-0, men kampen enda til slutt 2-2.

Det var ingen hovudtrenar for laget den gongen, men Leif Per Breivik tok på seg ansvaret med å leie treningane. Laget bestod av mange unge spelarar, som gjorde at det svinga i resultata.

I avdeling A med åtte lag hamna Hasundgot på ein 6. plass etter ferdigspelt debutsesong.

Les vidare: vår historie 1980-1990.