Vår historie 1980-1989

Starten på 1980-talet var positivt for idrettslaget. Banenemnda var i planlegginga av eit nytt idrettsanlegg i Sundgotmarka med eiga grasbane i tillegg til ei mindre grusbane ved sida av. Årsmøtet sette i 1980 av kr 75.000,- for å ta til med dette arbeidet.

I trimgruppa hadde det vore mykje god aktivitet i 1980. Mellom anna hadde i løpet av kalenderåret vorte arrangert to skirenn på vinteren og ein aktivitetsdag for born den 1. mai.

Ved årsslutt talde trimgruppa 65 medlemmer i bornetrimmen og 26 medlemer i dametrimmen.

Avvikling av handballen

På idrettssida gjekk det både opp og ned. Etter å ha starta trått i handballgruppa, kom damene sterkt tilbake i 1979/80 og hamna på ein 3. plass med 24 poeng på 16 kampar.

Men etter nokre års drift vart det tøft å oppretthalde tilbodet og idrettslaget måtte sjå seg nøydde til å trekkje laget frå serien i 1984. Laget vart samtidig avvikla – to år før 10-årsjublieet til idrettslaget.

I staden forsøkte Hasundgot å stille fotballag i 1984-sesongen. Det enda med ein sisteplass i avdeling A, der damene tapte 12 av 14 kampar i debutsesongen.

Motivasjonen fall bort, og damefotballag vart dermed lagt på is inntil vidare.

Opprykk til 6. divisjon

Det var populært med innandørsturneringar på vinterstid, og Hasundgot arrangerte si eiga turnering for lag i 6. og 7. divisjon i den dåtidas Ulsteinhall i februar 1980.

Hasundgot hausta positiv merksemd med sin 3. plass i turneringa etter å ha slege Flø 7-1 i bronsefinalen.

Til utandørssesongen hadde Hasundgot engasjert Tor Meinseth, som hadde lagt opp som Hødd-spelar, som trenar for herrelaget.

Meinseth fekk god dreis på Hasundgot og laget kom på 2. plass (bak avdelingsvinnar Kvamsøy). Det betydde at klubbens aller første opprykk nokon gong var i boks, og i 1981 skulle laget få bryne seg i 6. divisjon.

Å spele på eit nivå høgare vart som venta tøft, men med 16 poeng på 18 kampar berga Hasundgot plassen i avdeling A, framom Gjerdsvika, Mork og Larsnes.

Vidare inn i 80-talet vart dei sportslege resultata så som så inn for herrelaget. Medan det vart ein sterk 3. plass i 1982, ramla Hasundgot nedover tabellen og hamna stort sett på nedre halvdel dei påfølgjande sesongane.

Nye fasilitetar

I 1984 vart grasbana lagt i Sundgotmarka, rett ved Gjerdsbakkane. Planane om å leggje denne banen kom allereie før Hasundgot vart etablert, men etablering av bustadfelt i området skaut fart på prosessen.

Totalt kosta anlegget 1,2 millionar kroner å opparbeide og ferdigstille.

I tillegg var det dugnadsarbeid knytt til å få på plass eit klubbhus ved den nye grasbanen. Garderober var tiltrengt i nærleiken til banen, ettersom garderobene ved Hasund skule var vel ein kilometer unna.

Dette klubbhuset var så ferdig til årsmøtet i 1987.

Ny gnist inn mot 1990

Og i 1987 vart det ny gnist i Hasundgot. Meinseth, som hadde gitt seg etter 1981-sesongen, gjorde comeback i trenarrolla og tok to andreplassar i høvesvis 1987 og 1988.

Svein Haukås overtok i 1989, og følgje opp med ein respektabel 3. plass. Herrelaget avslutta derfor eit relativt middels tiår på ein god måte med tre topp tre plasseringar på tre sesongar.

På damesida vart det også gjort nye forsøk på å etablere damelag i andre halvdel av 1980-talet. I 1988 var damene tilbake i seriespel i 5. divisjon.

Comebacksesongen endte brukbart og damene tok ein 3. plass bak Bergsøy (1) og Larsnes (2). Den påfølgjande sesongen vart det «automatisk» opprykk til 4. divisjon, som lågaste nivå, der Hasundgot sine damer hamna på ein nest sisteplass i avdeling B, berre eitt poeng bak tredjeplassen Stordal.

Gå tilbake til vår historie 1976-1979 eller vidare til vår historie 1990-1999.