Etter å ha lege brakk sidan 2016-sesongen, starta damelaget opp att til 2019-sesongen og stilte til dyst i 7ar-serien på Sunnmøre.
I comebacksesongen vart det ein 6.plass i serien, der det vart éin siger, to uavgjorte og 9 tap i løpet av sesongen.
Damelaga i Hasundgot har derimot ei god historie i klubben, der dei vart avdelingsvinnarar i 7ar-serien i 2015 og ein god 2.plass bak serievinnar Volda i 2016.
Under «Oddencupen» i 2017 vart det også sølv til Hasundgot-damene i Ulsteinhallen, medan det året før vart gull etter at dei slo Hareid i finalen.