17. juni 2021

Dommarutvikling i Hasundgot

I Hasundgot ønsker vi å legge til rette for dommarutvikling. Første steg i dommarutdanninga er å ta klubbdommarkurs.

Dei som ønsker å gå vidare på dommarstigen kan ta rekrutteringsdommarkurs, som vert arrangert av fotballkretsen.

Våre dommarar er registrert i FIKS, og per 2021 har vi fire dommarar.

Dersom du ønsker å starte på dommarkurs, ta gjerne kontakt med vår dommaransvarleg Dagfinn Berg Tjervåg.