Herrelaget spelar til dagleg i 5. divisjon i Sunnmøre fotballkrets. Sidan oppstarten av idrettslaget i 1976, har over 360 spelarar representert Hasundgot på herresida i både offisielle og uoffisielle kampar.
Sjølv om Hasundgot vart stifta i 1976, fekk idrettslaget først sleppe til i seriespel i 1979 etter to «prøveår». Laget vart då meldt opp i 7. divisjon, som var lågaste divisjon i kretsen.
I debuten var Fjørtoft på bortebane første motstandar for det nyetablerte fotballaget. Sjølv om Hasundgot leia 2-0, enda kampen til slutt 2-2.
Sidan den gong har Hasundgot gått opp og ned i seriesystemet, der storheitstida var i 1998-1999 då Hasundgot rykkja opp frå dåtidas 4. divisjon og spelte éin sesong i 3. divisjon saman med lag som Aalesund 2, Hødd 2, Brattvåg og Bergsøy.
Trenarar
- 2018- d.d.: Per Gustavsen og Øystein Muren
- 2015 – 2017: Lars Breivik
- 2012 – 2014: Vidar Ertesvåg
- 2011: John Åge Sundal
- 2010: Svein Eirik Ertesvåg
- 2008-2009: Svein Haukås
- 2007: Bjørn Roppen (samarbeidslag Hødd 3/Hasundgot)
- 2006: René Gjerde
- 2005: Jon Gjerde
- 2004: Bjørge Worren
- 2003: Vidar Gjerde og Stian Garnes
- 2000-2002: Roger Vågen
- 1997-1999: Knut Ertesvåg
- 1995-1996: Otto Sundgot
- 1993-1994: Tor Hasund
- 1991-1992: Tor Meinseth
- 1989-1990: Svein Haukås
- 1987-1988: Tor Meinseth
- 1985-1986: Bjørn Dahl
- 1983-1984: Olav Holseker
- 1982: «Mann» Løset
- 1980-1981: Tor Meinseth
- 1979: sjølvstyrt