Damelaget

Damelaga i Hasundgot IL har vore ei stor og viktig gruppe for idrettslaget. Dei siste åra har det vore litt «av og på» med å stille lag på seniornivå, men det har vore gode sesongar dei åra damene har mønstra lag.

Mellom anna vart det ein solid siger i 7.ar-serien avdeling 2 i 2015, og ein fin 2.plass bak serievinnar Volda i 2016.

Under «Oddencupen» i 2017 vart det også ein flott sølvpokal til Hasundgot-damene i Ulsteinhallen. Året før vart det også pokal til Hasundgot-damene, etter at dei slo Hareid i finalen.

Etter å ha lege brakk sidan 2016-sesongen, har damelaget starta opp att til 2019-sesongen. Laget er leia av hovudtrenar Joakim Rødven, som framleis er aktiv på herrelaget.

Laget stiller i 7ar-serien, der dei møter Emblem, Folkestad/Volda 2, Guard, SIF/Hessa, Skodje og Ørsta 2.