Hasundgot a-lag herre

Sidan oppstarten av idrettslaget i 1976, har over 360 spelarar representert Hasundgots herrelag i både offisielle og uoffisielle kampar. Her finn du adelskalender for herrelaget.

Sjølv om Hasundgot vart stifta i 1976, fekk idrettslaget først sleppe til i seriespel i 1979 etter to «prøveår». Laget vart då meldt opp i 7. divisjon, som var lågaste divisjon i kretsen.

I debuten var Fjørtoft på bortebane første motstandar for det nyetablerte fotballaget. Sjølv om Hasundgot leia 2-0, enda kampen til slutt 2-2.

Sidan den gong har Hasundgot gått opp og ned i seriesystemet, der storheitstida var i 1998-1999 då Hasundgot rykkja opp frå dåtidas 4. divisjon og spelte éin sesong i 3. divisjon saman med lag som Aalesund 2, Hødd 2, Brattvåg og Bergsøy.

Spelarstall og statistikk (fotball.no)

Tidlegare trenarar

  • 2022-d.d.: Per Gustavsen og Øystein Muren
  • 2021: Per Gustavsen
  • 2018-2020: Per Gustavsen og Øystein Muren
  • 2015-2017: Lars Breivik
  • 2012-2014: Vidar Ertesvåg
  • 2011: John Åge Sundal
  • 2010: Svein Eirik Ertesvåg
  • 2008-2009: Svein Haukås
  • 2007: Bjørn Roppen (samarbeidslag Hødd 3/Hasundgot)
  • 2006: René Gjerde
  • 2005: Jon Gjerde
  • 2004: Bjørge Worren
  • 2003: Vidar Gjerde og Stian Garnes
  • 2000-2002: Roger Vågen
  • 1997-1999: Knut Ertesvåg
  • 1995-1996: Otto Sundgot
  • 1993-1994: Tor Hasund
  • 1991-1992: Tor Meinseth
  • 1989-1990: Svein Haukås
  • 1987-1988: Tor Meinseth
  • 1985-1986: Bjørn Dahl
  • 1983-1984: Olav Holseker
  • 1982: Magnulf «Man» Løseth
  • 1980-1981: Tor Meinseth
  • 1979: sjølvstyrt