
Hasundgot IL delar Noreg Fotballforbund (NFF) sin nulltoleranse for vald og trugslar, både på og utanfor fotballbanen.
Ein føresetnad for at NFF skal kunne ta tak i vald, trugslar, hetsing og andre uønska hendingar, er at NFF får vite om dette. Det same gjeld rasistiske uttalar eller handlingar.
Vi oppmodar derfor alle som opplever slike hendingar eller episoder i samband med fotballaktivitet til å melde frå i NFF sin varslingskanal.
Dersom du varslar om ei uønska hending, kan du fritt velje om du ønsker å varsle anonymt eller med eige namn.
I NFF sin varslingsplakat kan du lese meir om kva varsling betyr, kven du varslar til og korleis varselet vert følgd opp.