Hasundgot – Emblem 1-3

Med to strake sigrar på heimebane var det optimisme i Hasundgot-leiren i forkant av den siste seriekampen før sommarferien. Det skulle derimot ikkje ta lang tid før gjestane frå Emblem stakk kjeppar i hjulet for vertane.

Berre nokre minutt ut i førsteomgangen datt ballen rett i beina på ein Emblem-angripar som kunne pirke inn kampens første skåring.

Skåringa kom etter litt klabb og babb inne i målfeltet til heimelaget. Midtvegs i omgangen sette Georg Aursnes i gang ei kontring på høgresida og fann ein umarkert Ole Magnus Melchior i god posisjon framfor målet.

Utruleg nok klarte Melchior å blåse ballen langt over det opne buret. Begge laga hadde sine sjansar i førsteomgangen, og hadde marginane vore på Hasundgots side kunne stillinga fort ha vore 3-3 til pause, men effektiviteten stemde ikkje for heimelaget.

Dette straffa seg hardt ettersom Emblem skåra to mål til før dommaren sende spelarane i garderoben.

Etter kvilen løfta heimelaget seg tydeleg, men det skulle gå over ein time før det endeleg skulle losne for kvittrøyene.

Ei god kontring frå høgresida sørgja for at Ruben Muren kunne setje inn reduseringa for Hasundgot.

Utover skåringa var det ikkje mykje anna å notere seg i ein elles jamn batalje.

Kampfakta
5.-divisjon, runde 10
Hasundgot – Emblem 1-3 (0-3)
Hasundgot kunstgras
Ca. 25 tilskodarar
Mål Hasundgot: Ruben Muren
Dommar: Terje Klungsøyr, Mork IL

Hasundgot (4-3-3): Joakim Rødven – Lars Tore Garshol, Terje Longva, Kurt Søvik, Trond Haugland – Ruben Muren, Ole Magnus Melchior, Markus Skeide – Erik Hasund, Georg Aursnes, Tore Romestrand

Inn: Marius Vartdal, Sveinar Øvrelid, Svein Eirik Ertesvåg, Mats Bigset

Ruben Muren ***
Markus Skeide **
Terje Longva*