Poengdeling mot Hareid

Hareid leia to gonger, men vi slo tilbake ved begge høva i lokaloppgjeret på Hareidsmyrane.

Med årets første tap mot Gjerdsvika førre måndag, ønskte vi å revansjere oss mot Hareid i kveld, måndag. Dessverre var det heimelaget som tok første stikk i eit pefekt spelevêr på Hareidsmyrane. På eit hjørnespark spratt ballen Hareids veg, og vertane fekk pirka ballen over målstreken frå kort hald.

Hareid såg ut til å gå til pause med leiinga, men i første omgangs siste spark på ballen klemde Sebastian til frå distanse og skrudde ballen lekker opp i det venstre hjørnet – ei svært viktig scoring på eit perfekt tidspunkt!

Utover i andre omgang vert det litt hummar og kanari frå begge lag, og det blir ein svært open kamp. Begge lag var farleg frampå, og hadde nokre gode sjansar til å finne eit nytt leiarmål i kampen. Og kampens tredje mål skulle også kome – igjen var det Hareid som fann vegen forbi keeper.

Etter ein situasjon der Hasundgot ropte på straffespark, sette Hareid i gang ei svært godt utnytta kontring. Vertane gjorde ingen feil åleine med keeper – 2-1.

Men kampen hadde (heldigvis) ikkje sett sitt siste mål. På strafferop nummer to peika dommar Oddmund Kaldhussæter på straffemerket, og den sjansen tok Halvor god vare på. Midtbanespelaren sende keeper feil veg, plasserte ballen sikkert i mål og noterte seg sitt sjuande seriemål på berre fire kampar.

Kampen kunne ha gått begge vegar mot slutten, og både Hasundgot og Hareid fekk ei nettkjenning annullert for offside. Dei to laga enda derimot opp med å dele poenga likt mellom seg, noko som i og for seg var eit heilt «fair» resultat slik kampen utarta seg.

No blir det ei vekes pause, før vi reiser til Herøy og møter sterk motstand i Bergsøy 2 måndag 27. juni.

KAMPFAKTA:
6.divisjon avd. 1
Hareid II – Hasundgot 2-2 (1-1)
Hareidsmyrane
Dommar: Oddmund Kaldhussæter, Blindheim IL

MÅL: 1-1 Sebastian, 2-2 Halvor (str.)