Haustsesongen igang!

Då var haustsesongen i gang, og den starta på best mulig måte, med 3-POENG! Dette var en vikig seier med tanke på å holde kontakt med laga i teten.

Jan Robin sendte oss til himmels med ei tidlig skoring i første omgong, og vi produserte ein heil del gode sjangsar tidlig i omgongen. Bland anna fekk vi ei straffe etter at Kristoffer vart felt innanfor sekstenmeteren. Men den klarte vi ikkje å omsette til mål, og fleire mål vart det ikkje i første omgong. I andre omgong tok Hareid meir å meir over spelet på bana, men dei klarte aldri å skape dei heilt store målsjangsane. Kampen vart til tide prega av ein del stygge taklingar/episoder (4-5 gule kort + 1 direkte raudet kort til Hareid spelerane seier vel sitt), blandt anna straffe nr 2 til Hasundgot, der ein Hasundgot spelar vart påført ei skade i ansikte/haude. Georg tok ansvar på straffa og satte inn sikkert 2-0, som også var resultate etter fulltid. Alt i alt ei grei gjennomføring fra Hasundgot si side, sjølv om det til tider bar preg av ferie fotball 😉

Laget: Frank Haraldsvik, Vegard Sundgot, Vidar Gjerde, Audun Wingsternes, Steffen Gjerde, Kristoffer Yksnøy, Trond Haugland, Tore Romestrand, Jan Robin Haraldsvik, Lars Henrik Hasund, Georg Olsen.

Mål: Jan Robin Haraldsvik og Georg Olsen (str.)

Innbytte: Richard Frøystad, Lars Tore Garshol, Mikko Pessi, Ruben Muren, Mats Bigset, Bendik Bigset.

Svein Eirik Ertesvåg 15.08.09