Poengdeling i serieopninga

Onsdag spelte Hasundgot sin første seriekamp i 2017. Det enda med broderlig fordeling av poenga.

Då laga møttest til dyst i sesongoppkøyringa vart det (resultatmessig) stor skilnad på laga, men poeng blir sjølvsagt ikkje delt ut før sesongen offisielt har starta. Det var derfor eit klart mål om å bite godt ifrå seg når Hasundgot på nytt gjesta Tjørvåg stadion onsdag kveld.

Det stod framleis 0-0 til pause, men tidleg i andre omgang fekk vertane notert seg ei scoring etter at Andreas Vatne sende Tjørvåg i leiinga.

Sjølv om vi skapte fleire sjansar til å kunne få med oss eit godt resultat, ville det seg slett ikkje framfor mål. Midtbanegeneral Ruben Muren sørgja derimot for at i alle fall eitt poeng vart med i serieopninga då han utlikna dryge ti minutt før full tid.

Vi skulle gjerne ha fått med oss alle tre poenga, men det er i alle fall godt å få starta poenginnsamlinga på utebane. No ventar ein ny tøff kamp, denne gongen på heimebane, mot Bergsøy 2 førstkomande onsdag. Då har vi mykje å revansjere frå i fjor!

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.