Tre spelarar har signert

Vinterens sesongoppkøyring er i gang.

Søndag hadde herrelaget si aller første trening i 2019, der både nokre nye ansikt og gamle kjente var å sjå.

I økta vart det lagt stor vekt på å få mykje ballkontakt, der pasningsøvingar og spelsekvensar var i fokus.

No har også overgangsvindauget for breiddefotballen opna, og vi kan allereie no stadfeste at tre unggutar frå Hødd har meldt overgang til Hasundgot.

Jonas Våge Overå har returnert til moderklubben etter at han melde overgang til Hødd i 2016. I løpet av tida på Høddvoll fekk angriparen totalt 40 seriekampar for G16, G19 og Hødds tredjelag i 6.-divisjon.

I tillegg til Jonas har Johannes Meinseth og Stian Pedersen signert for oss.

Johannes er ein offensiv spelar som kan bekle ei kantrolle, som har spelt i Hødd heile karrieren fram til no. I Hødd spelte han i alt 85 offisielle kampar for G14, G16, G19 og Hødds tredjelag i 6.-divisjon.

Stian kjem opphaveleg frå Haddal, men har spelt for Hødds aldersbestemte lag sidan 2015. I løpet av denne tida fekk forsvarsspelaren med seg 78 offisielle kampar for Hødds G16, G19 og Hødds tredjelag i 6.-divisjon.

Alle spelarane er framleis i junioralder, som gjer at dei både kan bidra på juniorlaget og kjempe om ein plass i startoppstillinga til herrelaget.

Blir det fleire signeringar framover? Det får tida vise 😉

Vi ønskjer uansett alle dei tre nykomarane velkomne til Hasundgot!