Vi søkjer ny sportsleg leiar

Vil du vere med å utvikle Hasundgot IL Fotball? Då vil vi høyre frå deg!

Hasundgot IL er ein fotballklubb i positiv vekst, og har om lag 350 aktive medlemmer, fordelt på eit aldersspenn heilt frå 7-årsalderen og opp til godt voksne.

Med unntak av nokre få unntak, hadde Hasundgot IL lag i alle årsklasser. Idrettslaget har også eit tilbod for Old Boys.

For å koordinere og utvikle det sportslege tilbodet i klubben, søkjer vi no ein erstattar for vår sportslege leiar som gjekk av i fjor vinter.

Dersom dette er ei utfordring du kunne ha tenkt deg, vil vi gjerne høyre frå deg!

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Konkrete arbeidsoppgåver vil vere mellom anna:

  • Delta i fotballstyret sine møter.
  • Ansvarleg for vedlikehald av eit treningskompendium som tek føre seg korleis Hasundgot IL skal gjennomføre treningar, og anna sportsleg aktivitet, frå barnefotball og opp til junior/A-lag. Dette skal vere ein del av kvalitetshandboka til Hasundgot IL.
  • Bidra til å setje saman trenar- og lagleiarteam i samarbeid med fotballstyret.
  • Arbeide aktivt for trekkje til klubben nye spelarar og ressurspersonar som kan gi klubben eit løft.
  • Leie det sportslege utvalet.
  • Vere pådrivar for at lag melder seg på lokale/regionale turneringar utanom vanleg seriespel.
  • Koordinere klubbens trenarar og holde ein tett dialog med dei gjennom sesongen.
  • Avholde minimum 2 trenarsamlingar/trenarforum i året der ein t.d. har med eksterne motivatorar for å styrke samhold og motivasjon i trenerapparatet.
  • Støtte leiar i fotballstyret ved behov.

Sportsleg leiar vil også vere ein sentral støttespelar for trenarar i samband med hospitering internt i Hasundgot IL.

Det kan også vere andre oppgåver som kjem naturleg til stillinga.

Månadleg rapportering skjer til leiar i fotballstyret.

Ønska kvalifikasjonar

Søkjarar må vere over 18 år

Erfaring som spelar og/eller trenar vil vere ein stor fordel i stillinga.

Det er ønskeleg at søkjarar har teke relevante kurs (NFFs trenarkurs, barnefotballkvelden, fotballeiarkurs, el.).

Ønska personlege eigenskapar

Vi søkjer ein person som;

– er dyktig til å engasjere barn og unge

– kan gi fotballfaglege råd til trenarar/føresette

– har eit auge for detaljar

– er strukturert i arbeidet sitt

– har god fotballfagleg kompetanse

– er idérik innanfor spelar- og trenarutvikling

Kontaktdetaljar

For eventuelle spørsmål, ta kontakt med:

Runar Muren
Leiar, Hasundgot Fotball
fotball@hasundgot.no

Vidar Ertesvåg
Nestleiar, Hasundgot Fotball
ertesvi@gmail.com

Søknad og frist

Søknad med CV og eventuelle vedlegg sendast på e-post til fotball@hasundgot.no.

Arbeidsstad vil i stor grad skje frå heimekontor, på treningsfeltet eller i klubblokale på Hasundgot stadion.

Forventa stillingsbrøk vert om lag 15 prosent, med mogeleg endring etter avtale. Lønn etter avtale.

Personen som vert tilsett må levere politiattest.

Fristen for å leve søknad er søndag 03.03.2019.