Før kampen: Vigra (B)

Viktig kamp står for tur når herrelaget drar til Vigra torsdag kveld.

Hittil i haustsesongen har det vore mager poengfangst, sjølv om det prestasjonsmessig har vore betre enn resultata skulle tilseie.

Mot Hovdebygda var gutane eit lite stykke unna, men at vi gjekk tomhendte heim frå Langevåg var svært bittert. Også mot Sykkylven, sjølv om det er snakk om serieleiaren, følte gutane at dei gjorde det litt for lett for motstandaren.

No er uansett laga i topp tre unnagjort, så no begynner den tøffe kampen om poenga med laga som ligg rundt oss på tabellen.

Første utfordring vert Vigra – på bortebane. Laga har allereie møttest to gonger i år; sist i motsett oppgjer 16. mai. Den gongen vart det eit dramatisk oppgjer der Hasundgot hamna under 2-0, vart redusert til 10 mann og snudde kampen til 3-2.

Bli med på kampen? Reis saman med oss i spelarbussen!

Det vart også same resultat då vi møttest tidlegare på vinteren i ein treningskamp på Hasundgot stadion.

Tidlegare møte

Dette vert det første oppgjeret at vi tek turen til Rota etter at det vart lagt kunstgrasbane på anlegget. Det gamle Rota stadion har vore ein frykta stad å kome i grasdagane, og Hasundgot har vonde minner frå tidlegare.

Sist gong vi var på Vigra var i 2014. Den gongen vart det eit forsmedeleg 10-0-tap i , der kampplanen om å ligge låg og kompakt rauk allereie etter få sekund då Vigra fekk tildelt eit soleklart straffespark etter ei felling i vår eigen målgård. Straffesparket sat Adrian Rørset inn, og Vigra såg seg aldri tilbake.

Heller ikkje i 2013 gjekk det vegen på Vigra, der heimelaget sikra seg ein komfortabel 4-0-siger, medan dei i 2012 slo oss 5-2.

Forhåpentlegvis blir det meir å juble over denne gongen, sjølv om det vert ei tøff oppgåve å få has på laget som før runden ligg på ein 4.-plass.

Siste fem kampar

Hasundgot

  • Sykkylven (H) – tap 5-2
  • Langevåg (B) – tap 4-3
  • Hovdebygda (H) – tap 3-1
  • Ellingsøy (B) – siger 2-1
  • Stranda (H) – tap 1-0

Vigra

  • Stranda (B) – siger 4-2
  • Godøy (H) – tap 4-3
  • Skodje (B) – siger 3-0
  • Herd II (H) – siger 3-2
  • Aksla (B) – siger 2-0

Skadar og suspensjonar

Til oppgjeret må trenarane Per og Øystein klare seg utan 4-5 seniorar som ikkje er tilgjengelege, men det er derimot ein solid gjeng som tek turen nordover til Vigra.

Ingen spelarar er suspenderte til kampen, men Stian Pedersen og Jørgen Kleiven ligg framleis i «faresonen» med tre gule kort hittil i årets sesong.

Med eitt kort til, må dei stå over kampen mot Volda 2 om ei vekes tid.

Førebels tropp

Joakim Rødven, Simon Spjutøy, Håvard Fiskaa, Nedim Mujic, Stian Pedersen, Mats Bigset, Sander Ringstad, Håvard Strand, Nicolai Vik, Nicolai Molvær, Kristoffer Flø, Elias Rooney, Jørgen Kleiven, Cato Veien, James Sjåstad, Sondre Lunde, Sander Gjerde

Kampfakta

5.-divisjon, runde 15
Vigra – Hasundgot
Rota KGB
Dommar: Arild Vegsund, Norborg IL
Avspark: 18.30