G19: Seriemeistrar 2019?

Hasundgot sitt juniorlag har gjort ein kjempesesong i år.

Etter først å ha rykka opp frå 3. divisjon i sommar, har Lars Breivik sine gutar gjort sakene sine svært bra i 2. divisjon i haust.

På åtte kampar har Hasundgot vunne fem, spelt éin uavgjort og tapt to kampar. Årets siste kamp vart spelt borte mot Spjelkavik 2, der Hasundgot tok ein heftig 6-2-siger takka vere tre mål av Elias Skeide Rooney, eitt mål av Nicolai Haddal Molvær, eitt mål av Marcus Nytun og eit mål av Håvard Fiskaa.

Det har sendt laget på tabelltopp med 16 poeng og der vil dei også ligge fram til komande måndag. Då tek Volda imot Herd 2 til divisjonen sin aller siste kamp denne sesongen.

Medan Herd ligg på nest sisteplass, kan Volda framleis snike seg forbi Hasundgot med siger over Ålesund-laget. Med 14 poeng er dei derimot avhengige av å vinne på Volda KGB for å kunne ta ifrå Hasundgot seriegullet.

Uansett er Hasundgot sikra ein imponerande 2. plass i årets sesong, som gutane verkeleg kan vere stolte av.