G19: første treningskamp unnagjort

G19 spelte treningskamp mot Bergsøy.

Allereie ti dagar ut i det nye året hadde juniorane sin første kamp.

Denne kampen vart spelt mot Bergsøy på Havila stadion, ettersom herøyværingane ynskte å få litt matchtrening i beina før dei tek laust på kvaliken til 1. divisjon 22. januar.

Laga vart samde om å avvikle kampen med tre omgangar à 30 minutt, slik at ein både kunne justere ting undervegs og også teste spelarar i ulike posisjonar.

– I utgangspunktet var dette for tidleg for vår del, ettersom vi har hatt éi trening sidan serieslutt. Men vi tok dette som ei god trening, seier hovudtrenar Lars Breivik.

Når kampen tok til kunne ein sjå at vertane i Fosnavåg har kome lenger i oppkøyringa si, ettersom herøyværingane var litt raskare og meir flyttbare.

Hasundgot hadde med seg 12 mann, der John Arne Apelseth spelte sin aller første kamp sidan eit leit beinbrot i fjor sommar.

– Vi holdt bra stand i 2 omgang, men dessverre rakna det på slutten. Alt i alt ei god trening, men det vart stor forskjell på laga, var Breivik si oppsummering.

Noko som var positivt var at dette var den første juniorkampen for nokre som har teke steget opp frå G16 i vinter.

Ifølgje Breivik ser dagens tropp ut til å vere om lag 16-17 spelarar, og han reknar med at gutane skal bite bedre frå seg etterkvart når laget har fått trent meir saman i løpet av vinteren.

Utan at det betyr noko vart resultatet i årets første kamp 7-1 til Bergsøy.