Støtt Spar Straumane og Hasundgot samtidig

Hos Spar Strumane får du kjøpt kjeks- og godtebokser som gagnar begge.

I Hasundgot har vi over tid etablert eit anlegg vi er godt nøgde med, men å drifte og utvikle ein klubb kostar pengar.

Vi er ein breiddeklubb med om lag 350 aktive gutar og jenter i alle aldrar. Det gjer at vi statig har behov for meir banekapasitet. Over fleire år har ein fotballhall våre på tapetet, noko vi håper å få realisert.

Derfor er det gledeleg at vi har gode samarbeidspartnarar i bygda. Rett bak vår hovudsponsor Sparebanken Møre har Spar Straumane våre ein viktig samarbeidspartnar for idrettslaget og har våre kamp- og turneringssponsoren vår sidan 2018.

I tillegg til den ordinære avtalen, så har butikken også bidrege med diverse varer til ulike arrangement.

Før jul vart det mellom anna seld mange kjeks- og godteboksar i butikken. Ettersom Hasundgot får 20,- per boks som vert seld, gav dette salet Hasundgot ei inntekt på nesten kr 6.000,- utan at det krevde noko særleg med dugnadstimar.

Dette er derfor positivt både for Spar Straumane og for Hasundgot!

Vi håper at salet av kjeks- og godteboksar held fram også i 2020. Sjå derfor gjerne etter maskoten «Gotteballen» med Hasundgot-drakta i sofakroken på Spar Straumane neste gong du er innom butikken.

Det er viktig for bygda at vi har en nærbutikk, så vi håper du vil nytte seg av denne så ofte det let seg gjere.

Vi ynskjer å takke Spar Straumane for alle bidrag!

Bjarte Bergseth
Sponsoransvarlig
Hasundgot IL

 

Denne bildekrusellen krever javaskript.