G16: Hasundgot – Sandsøy 5-6

Spennande og bølgete toppkamp mellom Hasundgot og Sandsøy, uheldigvis for heimelaget enda det med nok eit tap for Sandsøy, som er det einaste laget hittil der vi ikkje har makta å vinne mot. Sandsøy gjekk først i ledelsen 0-1, vi utligna til 1-1. Sandsøy gjekk opp i 1-2 ledelse, vi svarte igjen å utligna til 2-2. Sandsøy Gjekk opp i 2-3, men då fekk Hasundgot verkelig fart i spelet sitt. Utligna først til 3-3, før vi putta på til 4-3 og 5-3 i ei veldig god periode av kampen for oss. Men Sandsøy hadde eit ekstra gir å gå på før dei hadde tenkt å begynne på heimreisa.

Og dei fekk altså 3 mål til før dommaren blåste av kampen og dermed seier 5-6 til Sandsøy.

Dermed tek vi sommarferie på en 2.plass på tabellen, og kan begynne å fokusere på Norway Cup!

Mål: Christoffer, Fredrik, Erik, Kjetil

Laget: Joar Haddal, Stian Jensen, Martinus Furnes, Aleksander Vattøy, Kjetil Knotten, Erik Hasund, Christoffer Gjerde, Fredrik Dimmen, Jørgen Garshol, Martin Bigset og Inge Saunes.

Svein Eirik Ertesvåg Fredag: 19.06.09