Åheim – Hasundgot 5-1 (2010-sesongen)

Andre seriekamp for Hasundgot 5.div 2010!

30.04.2010

Åheim – Hasundgot 5-1

Mål: Lars Henrik Hasund

Startoppstilling: Inge Saunes, Marius Vartdal, Frank Henrik Hofseth, Audun Wingsternes, Lars Tore Garshol, Markus Skeide, Trond Haugland, Bjørnar Gjerde, Lars Henrik Hasund, Georg Olsen og Olav Andre Hofseth.

Innbytte: Mats Bigset, Joakim Skarbø, Fredrik Sundal, Ruben Muren og Richard Frøystad.

Då var andre seriekamp gjennomført, nok ein gong på bortebane sidan vi skal spele alle våre bortekampar no på våren pga kunstgrasbana.

Det vart ein tøff kamp borte mot Åheim, kampen som vi hadde i mot Tjørvåg to dagar før satt vel fortsatt i beina, i tillegg var det ei våt og tong grasbane som venta på oss inne i Åheim.

I første omgong fekk Åheim eit tidlig mål etter ei uheldig episode i forsvar, resten av omgongen var ei jamn affære så vi gjekk til pause med å ligge under 1-0.

I andre omgong fortsatte vi å prøve, men Åheim viste seg nok ein gong som dei som klarte å sette muligheitene sine.

Dei gjekk opp i 2-0, før vi fekk redusert til 2-1 på eit straffespark ved Lars Henrik, etter at Georg vart klipt ned av ein Åheim forsvarar.

På det tidsponkte så hadde vi fått litt meir tru på at vi skulle klare å komme tilbake. Men på ny fekk dei ei scoring og auka ledelsen til 3-1, og då gjekk lofta ut av ballongen vår.

Dermed enda kampen med ein 5-1 seier til Åheim.