Oppsummering av veke 21

Slik gjekk det med Hasundgot-laga som var i aksjon i veke 21.

* I årets femte kamp vart det ein målrik kamp for J14. Måndag spelte dei mot Moltustranda, og kampen enda med 4-4.

* Tysdag tok G14 imot serieleiar Langevåg. Gjestene vant 18-0 og toppar G14 2. div avd. 2 med 13 poeng.

* Herrelaget spelte onsdag mot Åmdal, som ikkje hadde tapt ein kamp denne sesongen. Hasundgot tok leiinga, men til slutt endte kampen med 4-2 til Åmdal.

* Laurdag spelte juniorlaget sin andre seriekamp for sesongen mot Godøy. I ein spanande kamp enda det med 5-3-siger til Hasundgot, som har vunne begge sine to kampar i 2017.

***

Blant dei yngre årsklassene spelte laga følgjande kampar, men på grunn av NFF sine prinsipp for resultat i yngre årsklasser vert ikkje resultat publiserte:

* Hasundgot G10 spelte tysdag mot Hødd Blå på Høddvoll.
* Hasundgot G11 spelte fredag mot Bergsøy Raud på Hasundgot stadion.
* Hasundgot G12 spelte måndag mot Ørsta Kvit i Kiwihallen (Ørsta).

* Hasundgot J10 spelte fredag mot Hødd på Hasundgot stadion.

* J8 var også i aksjon på laurdag, då dei deltok på Marine Harvest Cup på Vigra. Det enda med tre av tre sigrar.

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.