Trenarkommentar: Vartdal (H)

Onsdag er siste heimekamp før sommarpausen. Her er siste nytt frå trenar Lars Breivik.

1. Ny kamp på onsdag mot Vartdal. Kva kan vi forvente av Hasundgot til denne kampen?
Etter siger i førre kamp so håper eg at humøret og sjølvtilliten er god.Vartdal er nok eit lag som er jamgode med oss, men slit med å få mål og bikke kampane i sin favør. Eg forventar, og det synest eg alle andre kan gjere også, at vi går på bana og yter maksimal innsats og prøver å spele god fotball når vi har ballen. Då trur eg at ein siger er innan rekkevidde.

2. Kva veit du om motstandaren?
Vi spelte treningskamp mot dei i fjor vår og då vant vi klart, men dei rykte ned til 6.divisjon i fjor så eg trur ikkje dette blir lett. Eg ser av kampreferata at dei henge godt med, men får ikkje utteljing og dermed taper kampar. Dei heldt mellom anna Åmdal til uavgjort borte til langt inn i overtida. Trur nok dei er betre enn tabellen viser.

3. Kva inngang kjem Hasundgot til å ha på fredag?
Vi spelte 4-5-1 i førre kamp og det gav no resultat. Vi fekk meir tryggheit bakover og så sette vi fart framover når vi erobra ballen; det blir nok oppskrifta denne kampen også. Så får vi sjå korleis det utviklar seg, om vi kan sleppe litt opp og satse litt meir framover. Vi vil gjerne spele offensiv fotball, spesielt når vi spelar heime – slik at folk synst det er kjekt å kome og sjå på oss.

4. Korleis trur du kampbiletet kjem til å bli?
Eg håper og trur at vi tek tak i kampen og styrer den slik vi vil, men fryktar at det blir ein jamn kamp.

5. Korleis ser kamptroppa ut – skadar, suspensjonar, utilgjengelege, nye inn i troppa?
Thomas er tilbake, Joakim Skarbø må stå over p.g.a. 3 gule kort og Ruben startar heller ikkje denne kampen sidan han slit med lyskane sine. Elles stiller vi med lite angriparar. Vi har få og endå færre som er på trening, so vi får sjå kven som får sjansen. Daniel Rokseth Skeide debuterte mot Åmdal og John Olav Hatløy debuterte i førre kamp, som begge til vanleg er på juniorlaget. Dei har gjort sakene sine så bra at dei er med i troppa no også. Kjekt at vi får opp nye spelarar frå juniorlaget!

Kamptropp:

Joakim, Kim, Martin Ø, Marius M, Simon, Arve, John Olav, Jørgen, Svein Eirik, Daniel S, Daniel M, Marius V, Runar, Ruben, Thomas, Mats, Nikolai, Sebastian.