J11: Strålande kamp mot Ørsta

Det vart ein målrik og spanande kamp måndag kveld.

Måndag inviterte Hasundgot J11 til fotballfest då Ørsta kom på besøk.

Jentene hadde god kontroll bakover og skapte også mange nok sjansar til å score mange mål.

Til kampen hadde jentene berre éin innbytar, men stor iver i laget gjorde at ein liten kvil var nok til å ville innpå bana igjen.

Gjennom heile kampen var det ein stor innsats frå alle og ein, og ikkje minst var det både latter og hygge ute på banen. Til slutt enda kampen med ein knipen 6-5-seier til Hasundgot-jentene.

I tillegg var det ekstra kjekt med godt publikumsoppmøte og positive kommentarar og heiarop frå sidelinja.

Ein riktig så fin dag for fotball!😃⚽👍

Sigersrop etter kampen:

https://www.facebook.com/plugins/video.php?href=https%3A%2F%2Fwww.facebook.com%2Fhasundgotil%2Fvideos%2F1838213439591663%2F&show_text=0&width=560