J9: To lag på Stordalcup

Målrike kampar og god stemning under helgas Stordalcup.

 

Søndag var Hasundgot/Haddals J9 på cup i Stordal. Til turnerings stilte samarbeidslaget med to lag; Raud og Kvit.

Kvit spelte mot Skodje, Hareid og Valldal, der det var siger mot Skodje (10-2), tap mot Hareid (2-4) og ein knipen 4-3-siger mot Valldal.

Raud spelte også tre kampar; mot Langevåg, Haramsøy/Nordøy og Stordal. Mot førstnemnde vart det 1-7-tap, men mot Haramsøy/Nordøy var det ein flott 6-2-siger. Mot arrangørlag Stordal vart det eit knipent tap 2-3.

Alle foreldre var på plass i Stordal, og det vart mykje speletid på alle jentene.

Ei flott turnering! 🙂