Snart klart for OBOS-cup

Torsdag startar «Sunnmørsmeisterskapen».

OBOS-cupen er eit ekstra tilbod i regi av Sunnmøre Fotballkrets, som i 2019 blir arrangert for aller første gong i vår fotballkrets.

Tilbodet er tiltenkt 16-årslag og seniorlag i divisjonane 4-6.-divisjon.

Frå Hasundgot melde seniorlaget og G16 seg på, og torsdag står herrelaget klare til dyst i første kamp.

Her er alt du treng å vite i forkant av OBOS-cupen.

Kven møter vi?

Herrelaget skal møte Åmdal (6div), Giske (6div) og Larsnes/Gursken (4.div).

G16 skal møte Emblem, Hødd, Stranda og Ørsta 2.

Når skal Hasundgot spele?

Herrelaget

Første kamp blir spelt heime mot Åmdal torsdag 28. februar. Avspark 18:30

Andre kamp er borte mot Giske laurdag 9. mars. Avspark klokka 14:00.

Siste kamp er også borte, mot Larsnes/Gursken på River Plate torsdag 21. mars. Avspark klokka 18:30.

G16

Første kamp borte mot Ørsta 6. mars. Avspark kl 18:30.

Andre kamp går heime mot Hødd 12. mars, med avspark kl 18.30.

Tredje kamp vert også Hasundgot stadion 19. mars, når Emblem kjem på besøk. Avspark klokka 18:30.

Fjerde og siste kamp vert borte mot Stranda 26. mars. Avspark vert 18:30.

Kva skjer etter gruppespelet?

Herrelaget

I herreklassen er det totalt fire avdelingar. Dei tre beste frå kvar avdeling går vidare til mellomrunder.

Frå mellomrundene går fire lag vidare til semifinale. I løpet av sesongen skal det kårast ein vinnar i ei kretsfinale på nøytral bane.

G16

I G16-avdelinga er det tre grupper. Dei fire beste laga frå kvar avdeling går vidare til mellomrunder.

Frå mellomrundene går fire lag vidare til semifinale. I løpet av sesongen skal det kårast ein vinnar i ei kretsfinale på nøytral bane.