Sigra i dramatisk serieopning

Tre utvisningar sette sitt preg på kampen, men Hasundgot sikra seg ein sterk siger til slutt.

Ordtaket «a game of two halves» levde verkeleg opp til ryktet sitt då Hasundgot tok turen til Hovdebygda for å kickstarte årets sesong.

Kanskje litt prega av sesongstartnervar vart det ein relativt rotete og ustrukturert 1. omgang, der ballen ofte gjekk både høgt og langt frå begge lag.

At heimelaget fekk ei 15 cornerar før pause er nok ikkje langt frå sanninga, og ballen var nok mest farleg for innkomne fly ved Hovden lufthamn enn for dei to sisteskansane.

Men så etter kvilen skulle kampen verkeleg ta fyr.

Temperaturen i kampen levde frå start til slutt, men tidleg i den 2. omgangen resulterte ein hard duell på midtbanen at Hovdebygda måtte sjå ein spelar rusle inn til ein tidleg dusj.

Med ein mann meir fekk Hasundgot eit godt tak på kampen, og fekk meir rom til å spele i.

Men likeeins som vertane, fekk også Hasundgot ein mann utvist. I ein duell høgt i banen fekk venstreback Stian Pedersen sitt andre gule kort for kvelden og måtte dermed forlate banen tidleg han også.

Då fekk «Bygda» blod på tann, og forsøkte å setje inn eit ekstra trykk for å presse inn eit sigersmål med 10-mot-10.

Men siste ord i kampen var langt frå sagt.

Etter å ha herja rundt utanfor 16-meteren til heimelaget, lada Nicolai Molvær kanona og klinka til på volley. Ballen suste i ein perfekt boge over keeper og inn i det lengste hjørnet; 1-0 til Hasundgot!

Vikebladet: Sterk Hasundgot-siger i temperamentsfull opningskamp (+)

Med ekstra rom for begge lag bølgja det fram og tilbake, og det kunne kanskje ha lege i korta at ei utlikning skulle kome då ein annan forsvarar, Simon Spjutøy, fekk sitt andre gule kort i kampen etter å ha stoppa ballen med handa.

Då var rolla plutseleg snudd, og Hovdebygda hadde ein mann ekstra.

Men på imponerande vis heldt Hasundgot stand, og innbytar Daniel Muren sikra sigeren med eit vakkert soloraid på venstresida, der kanten drog seg inn og avslutta i det nærmaste hjørnet. Då var kampen tre minutt inn i overtida, og resultatet heldt seg heilt inn.

2-0 og ein solid start på årets sesong, i ein heilt forrykande fotballkamp.

Neste test er mot Langevåg 2. mai, og det vert årets første heimekamp 😄

Kampfakta

5.-divisjon
Hovdebygda – Hasundgot 0-2 (0-0)
Hovdebygda kgb
Ca. 30 tilsk
Dommar: Steinar Hjelle, Sunnylven
Mål: 1-0 Nicolai Molvær (85), 2-0 Daniel Muren (93)
Gule kort: Sebastian Kleven
Raude kort: Stian Pedersen, Simon Spjutøy

Laget (4-3-3): Joakim Rødven (K) – Marius Muren, Simon Spjutøy, Nedim Mujic, Stian Pedersen – Sebastian Kleven, Thomas Gjerde, Nicolai Molvær – Johannes Meinseth, Jørgen Kleiven, Nicolai Vik

Innbytarar: Martin Ødegård, Mats Bigset, Svein Eirik Ertesvåg, Niklas Schmidt, Elias Rooney, Daniel Muren, Cato Veien